Ytring

Ei historie om ein pasient, ein pårørande og ein blodprøve

Vi har nyleg feira den internasjonale bioingeniørdagen; kanskje kan målet neste år vere å inkludere bioingeniørar når det er snakk om tverrfagleg samarbeid - også i omsorgstenesta?

Av MARIT STEINSUND

EIN HEIMEBUANDE MANN i 80-åra hadde vore inn og ut av sjukehus for undersøkingar og inngrep. I samband med dette blei marevanbehandling seponert, men etter heimkomst vart den starta opp att. Vanlegvis møter pasienten på legekontoret for prøvetaking, men han var sliten og orka ikkje reise meir. Pasienten vart difor følgt opp av tilsette i heimetenesta som ofte var innom for sårstell. No var det bestilt INR-prøve og heimetenesta skulle ta venøs prøve i heimen, for så å levere denne til fastlegekontor for analysering.

NESTE DAG var ein pårørande på besøk då heimetenesta kom. Resultat på INR-prøven vart etterspurt, og det kom fram at prøven ikkje var tatt. Tilsette i heimetenesta hadde prøvd å venepunktere, men etter mange forsøk var resultatet store hematom, så då ville dei ikkje stikke meir.

BRUKARANE AV OMSORGSTENESTENE får no meir behandling i heimen. Dette sparer samfunnet for helsekroner sidan institusjonsplass er mykje dyrare. Regjeringa følgjer opp samhandlingsreforma med eldrereforma «Leve hele livet». Målet er at alle eldre skal få betre hjelp og støtte til å meistre livet. «Leve hele livet» handlar om dei grunnleggande tinga som oftast sviktar i tilbodet til eldre; mat, aktivitet og fellesskap, helsehjelp og samanheng i tenestene.

LEVE HELE LIVET vert omtala som ei kvalitetsreform innan omsorg. Krava til reforma er mange og NHO legg press på regjeringa for å få dei til å innføre nye kvalitetsmålingar. Nyleg var det medieoppslag om at administrerande direktør i NHO service og handel, Anne Cecilie Kaltenborn, vil at alle institusjonar som driv med omsorg skal fingranskast med tanke på kvalitet. «Pasientar, brukarar og pårørande har veldig liten moglegheit til å vite om den institusjonen dei er avhengige av, faktisk leverer på det nivået dei skal», seier Kaltenborn. I følgje henne er det i dag få norske kommunar som i detalj målar kvaliteten på tenestene.

UNDER UTARBEIDING av «Leve hele livet» fekk Senter for alders- og sykehjemsmedisin i oppdrag å undersøkje helsehjelp som vert tilbydd heimebuande og sjukeheimspasientar. Leiar for senteret, Bettina S. Husebø, skriv: «Det finnes ingen enkel løsning for de sammensatte utfordringene i eldreomsorgen. Tverrfaglig samarbeid og tverrprofesjonell læring er ubrukte ressurser, og for eksempel utplassering av studenter med ulik bakgrunn (medisin, farmasi, odontologi, ernæring, rettsvitenskap o.a.) på sykehjem og i hjemmetjenester kan føre til økt gjensidig forståelse og kompetanse, stimulere til løsningsorientert samarbeid og øke rekruttering».

VI HAR NYLIG FEIRA den internasjonale bioingeniørdagen; kanskje kan målet neste år vere at også bioingeniørar skal med når det er snakk om tverrfagleg samarbeid? Tenk om vi kan synleggjere bioingeniørkompetansen for helsebyråkratar og lokalpolitikarar, slik at dei forstår at det laboratoriefaglege må utførast av tilsette med laboratoriefagleg kompetanse. Og at når kvaliteten på omsorgstenestene målast, må også kvaliteten på laboratorietenestene målast.

OG KORLEIS ENDA HISTORIA som innleia denne ytringa; fekk pasienten målt INR? Tilfeldigvis var den pårørande bioingeniør, og denne tilbydde seg å ta prøve dersom heimetenesta hadde med utstyr. Neste dag var det rekvirert både CRP og INR, og for ein trena bioingeniør var det enkelt å fylle prøverøra. Eg reknar med at det kunne blitt eit alternativ at lege eller tilsette ved legekontor etter kvart kom på heimebesøk og tok prøven.

FOR DET KAN JO IKKJE vere slik at nødvendige prøvar ikkje vert tekne om det ikkje tilfeldigvis er innom ein pårørande som er bioingeniør?

Ytring

Fem skribenter bytter på å skrive i Bioingeniørens faste spalte «Ytring»:

  • Frode Askildsen (42), fagbioingeniør ved Sørlandet sykehus Arendal.
  • Kirsti Hokland (62), bioingeniør, studiekoordinator og universitetslektor ved Bioingeniørutdanninga, Universitetet i Tromsø.
  • Marit Steinsund (58), bioingeniør og laboratoriekonsulent Noklus, Sogn og Fjordane.
  • Marianne Synnes (48), bioingeniør, molekylærbiolog og stortingsrepresentant for Høyre.
  • Ida Folvik Adem (26), bioingeniør ved Martina Hansens hospital i Bærum.
Powered by Labrador CMS