Resymé
Stabilitet av serumglukose ved romtemperatur – ny innsikt for laboratoriepraksis
Glukosemåling i blodprøver er sentralt ved diagnostisering og oppfølging av diabetes. Men kor lenge kan ei prøve vere i romtemperatur utan at glukoseverdien blir feil? Og kor viktig er valet av prøvetakingsrør?
Last ned pdf
Om forfatteren
1Bachelor i bioingeniørfag frå NTNU Ålesund og mastergrad i Helseledelse frå NTNU i Ålesund/HiVolda/HiMolde. Jobbkonsulent i Furene AS.
Måling av glukose i blodprøver er ei viktig undersøking ved diagnostisering av diabetes og svangerskapsdiabetes. For å sikre pålitelege resultat må fleire preanalytiske faktorar kontrollerast, som prøvehandsaming, sentrifugering, lagring og transport.
Glukosemetabolismen med nedbryting av glukose (glykolyse) fortsett i blodcellene også etter at ei blodprøve er tatt. Det kan føre til feilaktig for låge resultat dersom prøvene ikkje vert handterte korrekt. Vanleg praksis inneber at serum vert separert frå blodcellene innan kort tid etter prøvetaking.
Tidlegare praksis ved mange legekontor har vore å nytte serum til glukosemåling, der blodprøvene vert sentrifugert 30–60 minutt etter prøvetaking. Denne forsinka sentrifugeringsprosessen kan føre til glykolyse, og derav kan det oppstå falsk for låge glukoseverdiar. Som svar på denne problematikken har Noklus utarbeidd retningslinjer for prøvetaking i 2021, der ein anbefaler bruk av hurtigkoagulerande trombin-rør for glukosemåling.
Målet med studien var å undersøkje glukosestabiliteten i ulike prøvetakingsrør over fleire dagar. Det er ei problemstilling av særleg interesse i samband med transport av prøver, når analysering ikkje kan skje umiddelbart, men må sendast til laboratorium.
Metode og sentrale funn
Tretti frivillige vart rekruttert for å delta, og deltakarane inkluderte polikliniske pasientar, innlagde pasientar frå den medisinske avdelinga og frivillige blant laboratoriepersonalet. Alle deltakarane i studien signerte eit informert samtykke, og studien vart gjennomført i samsvar med retningslinjene frå Dei regionale etiske komitéane for medisinsk og helsefagleg forsking.
Venøst blod vart samla i fire ulike typar rør, alle levert frå Greiner Bio-One; Litium-Heparin (Li-Hep)-rør, NaF-EDTA-Citrat-rør (FC-Mix), serumrør med gel (SST) og hurtigkoagulerande trombin-rør (CAT Serum Fast Separator).
Blodprøvene vart handtert i samsvar med produsenten sine instruksjonar, og vart sentrifugert ved spesifiserte tidsintervall for å måle glukosekonsentrasjonen i plasma og serum. Li-Hep-rør blei umiddelbart sett i is-slurry for å stanse glykolysen, og sentrifugert innan 10 minutt etter venepunksjon. Plasma blei pipettert over i eige glas. Fyrste måling av glukose er T0. Studien samanliknar glukosekonsentrasjonar oppnådd med ulike prøvetakingsrør mot Li-Hep-plasma, som har vore sett på som referansemetoden i samband med fastsetting av diagnostiske kriterium for diabetes. Målinga av glukose vart utført på ein Roche Cobas c702-analysator. Prøvene vart deretter lagra i romtemperatur (cirka 22 °C) i inntil fem dagar, og reanalysert etter 24, 48, 72, 96 og 120 timar. I løpet av studieperioden vart intern kvalitetskontroll (IQC) køyrt to gongar om dagen på to nivå. Sentrale funn er vist i figur 1.

SST: Ved utsettande sentrifugering observerast systematisk lågare glukoseverdiar, sannsynlegvis på grunn av glykolyse.
CAT Serum Fast Separator: Oppnår svært god korrespondanse med Li-Hep-plasma, noko som understrekar at røret egner seg for nøyaktig glukosemåling.
FC-mix: Viser eit positivt avvik med høgare målte glukoseverdiar. Denne differansen kan indikere at FC-mix-rør potensielt gir ei meir korrekt glukoseavlesing. Dette er eit tema som har vore gjenstand for debatt i faglitteraturen, og det kan vere nødvendig med ei justering av diagnostiske kriterium dersom FC-mix skal implementerast i større skala.
I hurtigkoagulerande trombin-rør var gjennomsnittleg avvik i glukosekonsentrasjonen etter 24, 48, 72, 96 og 120 timar samanlikna med T0, mindre enn 2,4 %. Alle individuelle avvik samanlikna med T0, var mindre enn 6,5 %. Resultata oppfyller godkjenningskriteria for prøvestabilitet basert på biologisk variasjon.
Konklusjon og betydning for fagfeltet
Studien framhevar at val av prøvetakingsrør har direkte konsekvensar for diagnostisk presisjon ved glukosemåling. Dette kan få konsekvensar for laboratoriepraksis, spesielt ved forsinka transport, noko som er veldig relevant i det langstrakte Noreg. Bruken av CAT Serum Fast Separator-rør resulterer i glukoseverdiar som korresponderer tett med Li-Hep-plasma, medan FC-mix-rør kan gi systematisk høgare verdiar. Denne kunnskapen har viktige implikasjonar, ikkje berre for laboratoriepraksis, men også for tolking av diagnostiske resultat. Vidare forsking bør derfor undersøkje korleis diagnostiske grenser kan tilpassast dei ulike prøvetakingsmetodane, for å sikre best mogleg samsvar mellom laboratorieanbefalingar og praktisk gjennomføring.