Batt knuten for framtida

To har blitt éin, på ein stad som er ny for alle. Det nye Sjukehuset Nordmøre og Romsdal er opna, og på laben er sløyfeendane knytt saman i håp om at det beste frå to kulturar kan sameinast.

Verneombod Elisabeth Sandvik frå Kristiansund og Marthe Trondsen frå Molde batt to sløyfeender saman då den nye seksjon for medisinsk biokjemi og blodbank på Sjukehuset Nordmøre og Romsdal Hjelset opna i mai.
Verneombod Elisabeth Sandvik frå Kristiansund (til venstre) og Marthe Trondsen frå Molde batt to sløyfeender saman då den nye seksjon for medisinsk biokjemi og blodbank på Sjukehuset Nordmøre og Romsdal Hjelset opna i mai.
Publisert Sist oppdatert

Byggeplasskameraet på Hjelset har stoppa. Det siste stillbiletet er frå 12. april, og viser gjenvinningskonteinarar, ei gul gravemaskin, grus og gråstein. Bakom tronar nybygget med sine reine linjer og klimaskall.

Byggeplasskamera stoppet i april 2025.
Byggeplasskameraet som viste framdrifta i byggeprosessen på Hjelset har stoppa filminga i april i år.

Med røntgensyn kunne ein sett akuttheisen frå føden til operasjonsstua, at laben ligg rett ved akuttmottaket, einmannsrom med eigne bad og mykje nytt og automatisert medisinsk utstyr.

Fakta om SNR Hjelset

  • 60 000 kvadratmeter stort
  • Akuttsjukehus og psykiatri- og habiliteringsbygg
  • Ligg 17 km unna Molde sentrum og 54 km unna Kristiansund
  • Sjukehus for 120 000 innbyggarar frå Nordmøre og Romsdal
  • Det er berekna at samanslåinga vil spare om lag 110 millionar kronar årleg
  • Kjelde: Helse Møre og Romsdal

Kart over Nordmøre og Romsdal med Molde, Kristiansund og Hjelset avmerket.

Men det nye Sjukehuset Nordmøre og Romsdal (SNR) er meir enn det.

Det husar folk med minne, meningar og kjensler som har stått på kvar si side i Noregs kanskje lengste sjukehusstrid. No er dei her som pasientar og innbyggarar - og ikkje minst helsepersonell.

Etter over tjue år med planlegging, krangling, to avlyste anbodskonkurransar og fullstendig endra planar, nærmar sorga over dei tapte lokalsjukehusa seg ei ny fase: aksept.

I Molde er det gamle sjukehuset tømt og skal seljast. I Kristiansund er sjukehuset gjort om til eit distriktsmedisinsk senter (DMS).

Batt knuten som ferske sambuarar

Ein ny seksjon for medisinsk biokjemi og blodbank har sett dagens lys på Hjelset, og har samla bioingeniørar som tidlegare jobba på Kristiansund eller Molde sjukehus.

Under opninga av seksjonen den sjuande mai, batt dei to verneomboda, Elisabeth Sandvik frå Kristiansund og Marthe Trondsen frå Molde, kvar si sløyfeende saman til ei stram sløyfe. Den skal symbolisere det nye sambuarskapet.

Brit Valaas Viddal
Brit Valaas Viddal

- Vi tenkte litt på det, og fann ut at vi ville knyte noko saman framfor å klippe over noko, fortel Brit Valaas Viddal, avdelingssjef for medisinsk biokjemi og blodbank i Helse Møre og Romsdal.

Ho synest dei tilsette har fått ein unik moglegheit no når dei har flytt saman på ein ny plass. For å la dei bli betre kjent har dei tilsette vore på tre samlingar dei to siste åra: ei i Kristiansund, ei i Molde og ei på Hjelset. Både Nav og HR bidrog.

Seksjonsleiar for medisinsk biokjemi og blodbank, Marit Sivertsen, synest at samanslåinga verkar å ha gått greitt, trass kulturforskjellar og ulike måtar å arbeide på. Eit pluss er at mange av dei fagansvarlege bioingeniørane kjende til kvarandre frå før, gjennom tidlegare samarbeid.

- Innan nokre fagområde, som preanalyse, har bioingeniørane nærma seg kvarandre litt søkjande, fortel ho.

På nokre andre avdelingar på sjukehuset har ho merka at det framleis er litt «vi og dei»-stemning - men ikkje på laben.

Der trur ho dei fleste vel å sjå framover.

Sjukehuset Nordmøre og Romsdal, skulptur av bjørn, laget av Petter Hepsø, Hjelset

Ein bronsjebjørn i yogastillinga "treet" står utafor hovudinngangen og ønsker folk velkommen. Den er laga av bildekunstnar Petter Hepsø.

Han ønsker å gi bjørnen si ibuande kraft og uthald til folk som har det vanskeleg.

Robotane kjem!

Mange meter automasjonslinje snor seg som ein slange gjennom analysehallen. Hovudet er ein røyrpost og prøveinnmatar, og halen stikk inn i ein boks på størrelse med eit mikrohus: eit automatisk kjøleskåp med plass til 27 000 prøver.

Bjørnar Bolsø Thoresen, koordinator for automasjon, røyrpost og analysehall, Sjukehuset Nordmøre og Romsdal, Hjelset
- Her blir vi ikkje plaga av sola, seier Bjørnar Thoresen. Takvindauga i analysehallen let inn dagslys, og har solskjerming som styres av berøringspanel på veggen. Vindauga elles på huset er dekt av halvgjennomskinlege klimaskjermar, som skal beskytte mot vind, vær og temperatursvingingar. Foreløpig veit ingen heilt sikkert kva som styrer om dei går opp eller ned.

Som koordinator for automasjon, røyrpost og analysehall, er dette bioingeniør Bjørnar Bolsø Thoresen sitt territorium.

Han er særleg fornøgd med at rekvirentane no kan etterbestille analyser på eksisterande prøveglas i kjøleskåpet, og at kjøleskåpet sjølv finn fram prøva og sett ho att på bandet.

- Bestillingane må først godkjennast av oss på laben, men forhåpentlegvis sparer dette pasientane for ein gode del stikk, seier Thoresen.

Også bioingeniørane skal sparast - for manuelt arbeid. På hematologilinja viser fagbioingeniør i hematologi og koagulasjon Heidi Holtskog fram modulen BT-50 frå Sysmex.

- Dette er stjerna vår, fortel Holtskog, og beskriv korleis den gjer vedlikehaldet på dei tilkopla hematologimodulane for dei.

Heidi Holtskog, fagbioingeniør hematologi på Hjelset, Sjukehuset Nordmøre og Romsdal
Heidi Holtskog synes det er kjekt med nybygg når det gamle sjukehuset var så utslite som det var. – No slepp pasientane å stå i dusj- og dokø, som dei gjorde i det gamle bygget, fortel ho.

Automasjonen har også gjort det mogleg for dei å gå frå tre til eitt EDTA-rør, fordi hematologi, Hba1c og senking no kan analyserast i same glas.

Men vegen fram hit har ikkje alltid vore beint fram:

- Det har vore travelt. Vi har hatt mykje å gjere – og så merkst det at det er bioingeniørmangel, seier Holtskog.

Hjelm, vernesko og eksamen i HMS

Lenge var planen at sjukehuset skulle stå klart i 2022 – og innkjøp av fleire instrument vart planlagt deretter. Då planane endra seg, måtte blant anna Cobas-instrumenta halde i tre ekstra år.

No er det aller meste nytt, og det trur seksjonsleiar Sivertsen kan vere ein fordel - også som kollegastøtte.

- Alt som er heilt nytt, er nytt for alle, og dermed noko å bli kjend med i fellesskap, påpeiker ho.

Seksjonsleder for medisinsk biokjemi og blodbank på Sjukehuset Nordmøre og Romsdal, Hjelset, Marit Sivertsen.
- Vi har fått tre kranar med destillert vatn. Det er nytt for oss og veldig flott, seier seksjonsleiar for medisinsk biokjemi og blodbank, Marit Sivertsen.

Rundt tjue prosent av instrumenta er gjenbruk dei har teke med seg frå Molde og Kristiansund sjukehus, til dømes koagulasjonsinstrumenta.

Muhammed Fevzi Kilinckaya er lablege for Helse Møre og Romsdal
– Det har vore mykje arbeid, men den nye laben har blitt veldig bra, seier Muhammed Fevzi Kilinckaya. Avdeling for medisinsk biokjemi og blodbank sin einaste lablege vart rekruttert frå Tyrkia. Han har fullført norskeksamen, jobbar med mellombels legelisens og held på med fleire eksamenar for å få norsk autorisasjon.

I skrivande stund er det berre den nye urinautomasjonen som ikkje er ferdig køyrt inn på medisinsk biokjemi. Stiksemaskina er i bruk, men enno ikkje flowcytometeret og mikroskopidelen.

Alle andre instrument er klare og i bruk.

For å få til dette, starta bioingeniørane innkøyringa i september i fjor. Då jobba dei så å seie på ein byggeplass: Alle måtte ha HMS-kurs med eksamen, bruke vernesko, hjelm og vest, og inngongen dei brukte for å kome til laben endra seg nesten kvar veke.

Avdelingssjef Viddal fortel at det var ei forutsetning at bygget som inneheldt laben skulle vere av dei første som sto ferdig, og at analysehallen skulle vere klar 6-9 månader før innflytting.

Team blodbank fleksar

Sist inn på laben var blodbanken.

Med full drift både på Molde og Kristiansund sjukehus, vart det travelt å samtidig bygge opp ein ny lab på Hjelset. Særleg når ein del av utstyret skulle gjenbrukas, flyttast og helst nyttast på fleire stader samtidig.

Katrine Rindarøy, assisterende seksjonsleder, blodbanken Hjelset. Blodpressene er flyttet fra både Molde og Kristiansund, til Hjelset.
Blodpressene på blodbanken er flytta fra både Molde og Kristiansund sjukehus til Hjelset. Her med Katrine Rindarøy, assisterende seksjonsleder.

- Det var krevjande. Utstyret som flytta sist inn, kom samtidig med oss, fortel fagbioingeniør Randi Tømmervåg.

På grunn av kravet til gjenbruk har dei beheldt dei gamle frysarane, sjølv om dei eigentleg treng nye, og blodbankinstrumenta er vidareført frå Kristiansund sjukehus.

No har blodbanken tapping på tre stader: på Hjelset, i Molde sentrum og på DMS i Kristiansund.

Bioingeniørane på medisinsk biokjemi og blodbank kan alle automasjonen og Cobas-instrumenta, elles er dei delt i to lag: hematologi/koagulasjon og blodbank.

Randi Tømmervåg, fagbioingeniør på blodbanken, Sjukehuset Nordmøre og Romsdal, Hjelset, på et av de nye samtaleromma til blodbanken.
Randi Tømmervåg viser fram eit av dei nye samtaleromma på blodbanken.

På team blodbank jobbar stort sett dei som bur nærare Kristiansund, for dei vekslar på å jobbe 1-2 dagar per veke på det distriktsmedisinske senteret i byen.

Da sjukehuset i Kristiansund vart lagt ned og DMS oppretta, gjekk laben frå full sjukehusdrift til å serve kreftpoliklinikken, dialysen, dagkirurgien og medisinsk poliklinikk.

Analyserepertoaret no er avgrensa, og dei fleste prøvar sendast til Hjelset for analysering. Hovudoppgåva for bioingeniørane er derfor å tappe blodgivarar og ta prøver i poliklinikken.

Ofte syntest Tømmervåg dei var for få bioingeniørar på blodbanken i Kristiansund, og at det ofte var sårbart. Ho liker derfor godt at dei no er ei større gruppe.

- Det som er kjekkast er at vi har fått så mange nye kollegaer. Vi har riktig nok to kulturar – men tar det beste frå begge, seier ho.

WASP + KI = sant

I en mørk kjeller på Molde sjukehus heldt avdeling for medisinsk mikrobiologi til før 3. februar i år. I løpet av berre to dagar flytta dei alt over til Hjelset.

- Det å komme til noko nytt og større er veldig motiverande. Det er god stemning i bygget, og folk smiler, seier Cecilie Eikrem Myklebust, seksjonsleiar for medisinsk mikrobiologi på Hjelset.

Julie Samuelsen (t.v.) og Lisa Valle, glade bioingeniører på medisinsk mikrobiologi, Sjukehuset Nordmøre og Romsdal, Hjelset

Julie Samuelsen (til venstre) og Lisa Valle jobbar på bakteriologilaben.

Her er dei fleste bioingeniørane godkjende for å jobbe på IN3-laben for høgpatogene agens.

Tilpassa aktivitet, hjelp frå avdelingas andre seksjon - på Ålesund sjukehus, og mykje nytt utstyr gjorde det mogleg å flytte så fort. Men innkøyring og validering av alle dei nye instrumenta starta også her rett etter sommaren i fjor.

Blant nyvinningane er fleire modular til deira Walk Away Specimen Processor (WASP) prøveutsåar på fagområdet bakteriologi. Sidan 2019 har dei mata prøver inn i roboten, som vel skåler og sår ut prøvene. No sender den prøvene vidare til inkubering, og tar også bilde av koloniane som veks opp.

Marie Aslaksen Røed, avdelingssjef for begge seksjonane for medisinsk mikrobiologi - i Ålesund og på Hjelset. Sjukehuset Møre og Romsdal
Marie Aslaksen Røed

Etter kvart skal WASPen også lese av resultata, men først må dei lære roboten å skilje mellom positive og negative prøver. Det skal dei bruke KI til.

- Dette vil redusere mengda manuelt arbeid, men om det vil spare oss for bioingeniørar, er eg meir usikker på, seier Marie Aslaksen Røed.

Ho er avdelingssjef for begge seksjonane for medisinsk mikrobiologi - i Ålesund og på Hjelset.

Røed synest ikkje automasjon gjer mindre arbeid - berre ei anna måte å jobbe på. Det gjer at dei kan bruke tida på dei viktige oppgåvene – som positive prøvar.

Laboratorieingeniør Kristine Kippersund Brokstad, fagområdet genteknologi på Sjukehuset Nordmøre og Romsdal, Hjelset

Genteknologi er fagområdet med flest instrument. Nokre kom til under pandemien og brukast framleis, mens andre er splitter nye.

- Denne var livreddande under pandemien, fortel laboratorieingeniør Kristine Kippersund Brokstad, og viser fram ein «Universe». Den kan ta av og på korkar, pipettere og poole prøver.

No gjer den kvardagen enklare fordi den gjer det mogleg å gjere andre oppgåver samtidig.

I dag har laben færre luftvegsprøver enn under pandemien, men analyserer fleire agens.

Nedst i gangen skil ei svart dør seg ut, og eit omkledingsrom med autoklave er alt som kan skimtast gjennom glaset i slusedøra: Dette er fagområdet IN3, som er laben for høgpatogene agens.

IN3-laben og seksjonsleder for medisinsk mikrobiologi på Hjelset, Cecilie Eikrem Myklebust
Den nye IN3-laben for høypatogene agens har wow-faktor, ifølge fleire besøkande. Seksjonsleiar Cecilie Eikrem Myklebust viser fram slusa.

Han er ny, han er stor, og berre autorisert personell har tilgang. Det fortel åtvaringa klistra på døra til ytterslusa, ved sidan av «biohazard».

Eit unntak vart gjort dagen før, då representantar frå eit anna stort sjukehus med byggeplanar var på besøk.

- Ofte blir IN3-laber liggande litt innerst og gøymd – men ikkje hos oss. Besøket vårt sa berre «wow!», fortel avdelingssjef Røed.

Dagleg jobbar det ein-tre bioingeniørar inne i lokala, der PCR og andre undersøkingar av tuberkulose, sopp og feces utførast.

For berre to veker sida vart den siste inkubatoren levert, og no satsar mikrobiologilaben på å lande litt.

Målet deira er å finne fram til den beste organiseringa og prøveflyten ved rett og slett å bu seg inn.

- Kom tilbake om 1-2 år. Dette må ta den tida det treng, seier avdelingssjef Røed.

Forsking som del av pasienttilbodet

Ei etasje ned, i tredje, kan pasientar som er inkludert i forskingsstudiar komme og få gjort alt på ein stad: blodprøver, samtaler, målingar, spørjeskjema og behandlingar.

På den nye kliniske forskingsposten møter pasientane sjukepleier og lege på eit kombinert samtale- og behandlingsrom, men først treff dei bioingeniør Linn Holstad på prøvetakingsrommet med lab.

- Det er veldig artig med klinisk forsking. Det er litt meir givande, og ein kjem litt nærare pasientane, fortel Holstad, som arbeidar dels på avdeling for medisinsk biokjemi og dels på forskingsposten.

Linn Holstad, bioingeniør ved forskingsposten på Hjelset
Linn Holstad trivst godt på den nyoppretta forskingsposten på Hjelset.

Ho tek studieblodprøver, prosesserer og biobanker dei, eller sender dei til andre sjukehus.

Seksjonssjef og overlege Dag Arne Lihaug Hoff har jobba i mange år med å få forskingsposten med i sjukehusplanane.

Målet har vore å spegle det dei har fått til på forskingsposten i Ålesund, der fag er i sentrum, pasienten i fokus, og forsking ein viktig del av pasienttilbodet.

Overlege og seksjonssjef for forskingspostene på Hjelset og i Ålesund, Dag Arne Lihaug Hoff.
Dag Arne Lihaug Hoff

- Verken Hjelset eller Ålesund er universitetssjukehus, men vi forskar for det, fortel Hoff.

Han er ikkje i tvil om at dette er vegen å gå, både når det gjeld å svare ut forskingsoppdraget til helse- og omsorgsdepartementet, og når det kjem til innsparing.

Ei masteroppgåve omtalt i ein sak i Dagens medisin viser korleis sjukehusa kan spare for pengar på å delta i legemiddelstudiar. Det trekk seksjonssjefen fram som eit viktig aspekt.

At lokala vart litt mindre enn planlagt, har ikkje dempa stemninga eller forskingslysta.

- Det er ingen av oss som får meir tid, meir folk eller meir pengar, så vi vel å vere løysingsorienterte - og får det til! seier Hoff.

Dei tilsette ved forskingsposten på Hjelset. Frå venstre: bioingeniør Linn Holstad, nevrolog Åse Hagen Morsund, nevrolog Eldbjørg Hustad, overlege og seksjonssjef Dag Arne Lihaug Hoff og sjukepleier Mehmet Emin Kamer.

Forskingsprosjekt frå Molde og Kristiansund sjukehus er vidareført på forskingsposten, som opna 13. mai i år. Holstad jobbar saman med sjukepleier Mehmet Emir Kamer og to leger, og for tida har dei åtte ulike prosjekt, mange innan nevrologi, som ALS, Parkinson og slag.

Fleire studiar er i startgropa - som ein ny myelomatosestudie som har oppstartsmøte rett over sommaren.

Sparing og utlysing

Mange år har gått, men no er sjukehuset her.

Seksjonsleiar Sivertsen trur ikkje det er til å unngå at det blir store diskusjonar rundt kor eit sjukehus skal ligge.

- Folk er jo ekstremt interessert i jobben vår, seier ho, – vi er jo ein viktig arbeidsplass i samfunnet.

Sjukehuset Nordmøre og Romsdal, Hjelset
Vindauga med klimaskall stenger ikkje fjordutsikta heilt ut.

I samanslåingsprosessen var det fleire omsyn å ta, og nokre bioingeniørar måtte ta eit veloverveid val. Skulle dei fortsette i jobben og køyre femti minutt frå Kristiansund til Hjelset? Nokre var ikkje i tvil, andre nølte.

Av dei som vart med til Hjelset, var det nokre som ikkje kunne fortsette i same stilling. Da hadde ansiennitet mykje å seie.

- Men det vart ei stilling til alle som ønskte å vere med vidare - og ingen gjekk ned i lønn, fortel avdelingsleiar Viddal.

Det er fleire år sidan det vart bestemt at når seksjonane slår seg saman, må dei ned fem stillingsheimlar. Litt skulle sparast inn på automasjon, og litt på samanslåing.

Fristen for innsparinga er i september i år, men seksjonen har allereie greidd det. Nokre bioingeniørar valde å gå av med pensjon, andre valde å bytte jobb – sjølv ut av helsevesenet.

Kanskje slutta for mange? For i skrivande stund er det ledige stillingar på seksjonen.

Sivertsen fortel at ei stilling ho nyleg lyste ut allereie har fått kvalifiserte søkjarar. Snart skal ho legge ut to-tre stillingar til.

Trass i bioingeniørmangelen, trur ho at ho veit om nokon som vil søke.

Sjukehusstriden

  • Einigheit om nytt sjukehus i Molde

  • Vedtak om bygging på Eikrem i Molde

  • Fram til no har det vore einigheit om å behalde to lokalsjukehus med fulle funksjonar.

  • Vedtak om flytting av fødeavdeling og akuttkirurgi frå Kristiansund til Molde skapte store protestar.

  • Regjeringa startar ny utgreiing om det skal vere eitt eller to sjukehus.

  • Vedtak om eitt felles sjukehus. Seks tomter vurderast.

  • Hjelset blei vedtatt som tomt. Kristiansund sjukehus skal gjerast om til distriktsmedisinsk senter (DMS). Demonstrasjonar og fakkeltog i Kristiansund.

  • Kristiansund kommune gjekk til sak mot Helse Midt-Norge, men tapar i to rettsinstansar.

  • Stortinget vedtar byggevedtak.

  • Byggeplanar stoppast på grunn økonomisk avvik. Nye anbod lysast ut.

  • Byggestart 19. juni. Erna Solberg legg ned grunnsteinen. Fleire ordførarar møter ikkje opp.

  • Bunadsgeriljaen kjempar for å gjenopne fødeavdelinga i Kristiansund, etter at den vart stengt i januar 2021 fordi den mangla jordmødrer og gynekologar.

  • Sjukehuset Nordmøre og Romsdal på Hjelset opna 2. juni

Powered by Labrador CMS