- Det har inga hensikt å rippe opp i gamle sår

Det seier føretakstillitsvalt Evy Kathrin Luther Skjong. Ho trur dei fleste har nok med dagens vanskar, som bemanning og økonomisk krise.

Publisert Sist oppdatert

For no slit Helse Møre og Romsdal med etterverknadane av blant anna å ha innført eit nytt datasystem i fjor i tillegg til bygging av nytt sjukehus. 

Føretaket er i økonomisk krise, og må kutte tilsvarande 500 stillingar.

Evy Luther Skjong
Føretakstillitsvalt i Helse Møre og Romsdal HF, Evy Kathrin Luther Skjong

For bioingeniørane som allereie er vande med minimumsbemanning, er det lite å gå på.

Skjong trur labane vil merke det mest på tapte investeringsmoglegheiter dei kommande åra. Både i Ålesund og i Volda finns det instrument som eigentleg skulle bytast ut i år.

- Eg trur ikkje det er eit alternativ å ikkje bytte dei ut, men ingen tar pengar ut av tomme lufta, seier Skjong.

Ho er bekymra for kva som må ofrast i staden.

Mangel på folk, men inga ledig stilling

Då Skjong tok over som føretakstillitsvalt for NITO i Møre og Romsdal i 2021 vart ho overraska over kor betent situasjonen var, sjølv mange år etter at det vart bestemt at sjukehuset skulle ligge på Hjelset.

- Det var sterke kjensler i sving og avgjerda ga ein sorgreaksjon hos dei fleste, både hos dei frå Kristiansund og dei frå Molde, seier ho.

Dei siste åra kjenner ho til mange bioingeniørar som har strekt seg langt for å få kabalen på labane til å gå opp. Ved både Molde og Kristiansund sjukehus var det personalmangel og ein del sjukdom, noko som gav mange ekstravakter og krevjande dagar.

Skjong fortel at siste rapport om bemanningssituasjonen kom rett før lønnsoppgjeret, og slo fast at det er mangel på folk samtidig som alle stillingar er tekne. Dette er dels grunna sjukdom og dels at reduksjon av antal stillingar skjedde raskare enn forventa ved at tilsette fann seg arbeid andre stadar.

Nærleiken til bioingeniørutdanningane i Ålesund og Trondheim har truleg skåna dei ei stund for den verste bioingeniørmangelen, men Skjong veit at det nokre gongar har vore vanskeleg med å få fatt i kvalifiserte søkjarar – sjølv til ferievikariat.

Nye kjennskap

Skjong er ikkje i tvil om at planlegginga av alt det nye på Hjelset - sjukehuset, laben og seksjonen, var altoppslukande for mange ei stund. Det synest ho den nitide detaljplanlegginga vitjar om.

- To ulike miljø samarbeider no på laben. Dei har det hektisk saman, og deler turnus, døgn og kaffi i lag, sei ho.

Knyting av sløyfa under opninga synest ho var eit veldig godt bilde på dette.

Som føretakstillitsvalt har ho fått innblikk i korleis andre avdelingar på Hjelset jobba for å sveise dei tilsette saman i nye turnusar og endra arbeidskvardag. 

Då fekk ho inntrykk av at mikrobiologi, medisinsk biokjemi og blodbank låg langt framfør dei andre – og eigentleg er ho ikkje overraska.

- Bioingeniørar er jo kjend for å ha orden i sysakene sine, seier Skjong.

Powered by Labrador CMS