Demensprosjekt kickstarta plasmagiving

Plasmagiver i stolen, på Blodbanken i Oslo, Sebastian Natvik.
Sebastian Natvik vart rekruttert som plasmagivar til eit forskingsprosjekt. No donerer han plasma til Blodbanken i Oslo fast kvar fjerde veke. - Eg har nesten gløymt korleis det er å gi vanlig blod, seier han. Til alle dei som samlar mummikoppar, har han eit tips: Det er veldig lett å donere plasma, og ja, ein får ei gåve.

Eit pilotprosjekt som testa kor trygt det er å gje plasma frå unge donorar til demenssjuke, har gitt ein uventa «biverknad»: Blodbanken i Oslo har fått over hundre nye plasmagivarar.

Publisert

Då prosjektet Addition-MCI trong plasma frå unge donorar under 25 år, for å gje til eldre med begynnande demens, melde Sebastian Natvik (22) seg som donor.

Ein bør tappe mykje meir plasma i Noreg

Lise Sofie Haug Nissen-Meyer

- Det verka som ein veldig enkel måte å bidra på. Det er jo ei skremmande tanke at det er så mange som får demens no, seier Natvik.

Tidlegare var han vanleg blodgivar, men dei to siste åra har han berre gitt plasma. Først til pilotstudien, og då den vart avslutta, fortsette han å donere plasma til Blodbanken i Oslo.

Og han er ikkje aleine. Dei aller fleste av dei rundt hundre donorane som vart rekruttert til forskingsprosjektet har fortsett å gi plasma.

Indirekte bytte av interstitiellvæske

I det nyleg gjennomførte pilotprosjektet har eldre med begynnande demenssjukdom fått tappa ut mykje av sitt eige plasma og erstatta det med «ungt» plasma frå donorar som Natvik.

Forskar Petter Holland ved Oslo universitetssykehus fortel at det opphavlege målet var å bytte ut interstitiellvæska, som ligg mellom cellene og utgjer miljøet deira.

Forskingsgruppa regna litt på kor raskt protein utvekslast mellom blod og interstitiellvæske, og fann ut kor mykje og kor ofte dei må bytta blodplasma hos ein deltakar for å få ei stadig meir forynga interstitiellvæske.

Forsker Petter Holland, OUS
Forskar Petter Holland på Oslo universitetssykehus avslører at dei foreløpige resultata frå pilotprosjektet tydar på at behandlinga er trygg og gir lite biverknader. Det lovar godt for ei større randomisert studie.

I den mest intensive studiearma fekk deltakarane i overkant av to liter plasma kvar måndag, onsdag og fredag i tre veker, totalt ti gonger. I den litt mindre intensive arma fekk deltakarane plasma litt sjeldnare.

- Det handlar om å oppnå ein likevekt som beveger seg, og er ganske komplisert, seier Holland.

Det teoretiske grunnlaget forskinga deira bygger på er frå parabioseforsøk frå 50- og 60-talet. Då vart unge og eldre mus og rotter kopla saman, og ein så at dei eldre dyra fekk ei rekke fordeler – blant anna betre kognitiv funksjon.

Kva det er i plasmaet som verkar foryngande, veit dei ikkje, men Holland har nokre idear.

- Eg mistenker at det er ein kombinasjon av mange ting, for hadde det vore eit enkeltmolekyl trur eg nokon hadde funnet ut av det til no, forklarar forskaren.

Viss dei finn ut kva for molekyl det er snakk om, håper dei å kunne framstille dei syntetisk og dermed ikkje vere avhengige av plasmadonorar i neste prosjekt.

Om utskiftinga av plasma har hatt nokon effekten hos deltakarane i pilotprosjektet, er det altfor tidleg å seie noko om.

- Det er endringar i kognitiv funksjon som er mest interessant å sjå på, men det målast ikkje på så kort tid. Så no må vi rett og slett berre vente og følgje opp, fortel Holland.

Ei naturleg rolle

Snart opnar Blodbanken i Oslo sitt nye lokale i Stortingsgata. Då har dei i alt åtte plasmaferesemaskinar og dobbel kapasitet. Lise Sofie Haug Nissen-Meyer er leiar av Seksjon for blodgivning ved Blodbanken i Oslo, og ønsker seg fleire donorar.

- Vi forsyner mange forskingsprosjekt med normalmateriale og blodgivarprøver, seier leiar av Seksjon for blodgivning ved Blodbanken i Oslo, Lise Sofie Haug Nissen-Meyer.

Derfor var det ein naturleg rolle for blodbanken å bidra i forskingsprosjektet Addition-MCI.

Samtidig verva blodbanken plasmagivarar til eige bruk. I løpet av få år har dei gått frå å ha 2-3 plasmagivarar til å ha godt over hundre.

- Har de nok plasmagivarar ved Blodbanken i Oslo no?

- Nei, det er absolutt behov for fleire, svarer Nissen-Meyer.

Nyleg skreiv ho om dette i både Transfusion and Apheresis Science og i ein kronikk i Tidsskriftet saman med fleire. I førstnemnte kjem det fram at dei fire plasmaferesemaskinane blodbanken har vart kjøpt inn til rekonvalesensplasmaprosjektet under covidpandemien.

Etter det starta dei å tappe «vanleg» plasma også.

Seksjonsleiaren fortel at det er mange fordelar ved å auke plasmatappinga, slik dei har gjort det dei siste fire-fem åra. Givarane kan gi plasma veldig ofte samanlikna med blod, og dei kan også gi plasma sjølv om hemoglobinnivået deira er litt lavt.

Teknisk mengdetrening

Det er bioingeniør Karoline Furnes som har forberedt dagens aferese for Natvik.

Ho er ansvarleg for dei fire plasmafresemaskinane til Blodbanken i Oslo, og står også for opplæring av kollegaene sine.

- Det er veldig gøy når det er litt hektisk og blod og plasma flyter greitt, fortel bioingeniør Karoline Furnes. Ho er ansvarleg for blodbankens fire plasmaferesemaskiner.

Målet er at alle tilsette skal kunne bruke dei.

- Plasmaferesemaskinane er litt tekniske - men eg likar dei, dei er veldig greie å jobbe med, seier Furnes.

Ho har jobba på blodbanken i ni år, og synest det er veldig gøy når det er litt hektisk og blod og plasma flyt greitt. Ofte sett ho i gang fleire plasmafereser samtidig. Det går fint når dei preppar maskinane med slangekit på forhand.

For å sikre at kollegane held kunnskapen ved like, har ho oversikt over kva for tilsette som har ansvar for plasmaferese dei ulike dagane. Då kan ho sørge for at alle får jobbe med plasmaferese minst ein gong i veka.

Frikjøp av studiesjukepleiarar

To kollegaer av Furnes på blodbanken manglar ikkje mengdetrening i bruk av plasmaferesemaskinane.

Sykepleiere på Blodbanken i Oslo, Sandra Ceprnjic og Tone Utgård Reinton
Sandra Ceprnjic og Tone Reinton Utgård er sjukepleiarar på Blodbanken i Oslo. Dei vart frikjøpt 25 prosent kvar for å verve og tappe unge plasmagivarar til forskingsprosjektet, og for å gjere sjølve plasmautskiftinga hos deltakarane.

Sjukepleiarane Sandra Ceprnjic og Tone Reinton Utgård var med og rekrutterte rakt over hundre donorar til demensprosjektet, som kvar donerte plasma opptil tjue gonger kvar.

- Vi rekrutterte bland unge blodgivarar vi allereie hadde her i stallen når dei kom for å gi blod, og ved å ringe til givarar vi visste var i målgruppa, fortel Ceprnjic.

Sjukepleiarane var òg med og gi deltakande demente «ungt plasma». Det vart utført i eit eige rom og med ei plasmautskiftingsmaskin.

- I den eine arma tappa vi ut deltakarens eige plasma, og i den andre arma førte vi donorplasma inn, forklarar Utgård.

Deltakarane fekk satt inn eit perifert venekateter (PVK), framfor å ha ei nål i arma, i den to timar lange prosedyra. Det skulle trygge dei i tilfelle dei gløymde seg bort og bøygde arma undervegs. Ein intensivsjukepleiar og ein lege var også til stades.

Kvar studiedeltakar mottok plasma frå fleire donorar, og blodtypen avgjorde kven som ga til kven.

I etterkant av pilotprosjektet vart donorane spurt om dei kunne tenke seg å fortsette å donere plasma, men no til blodbanken.

- Nesten alle sa ja til det, fortel Utgård, - så no har vi fått en stor oppgang av plasmagivarar.

Frå pilot til randomisert studie

Eigentleg ville forskarane starte rakt på ein randomisert studie med mange deltakarar.

Men etisk komité sa nei.

Vi meiner det er trygt nok til å gå vidare med ein randomisert studie

Petter Holland

Dei måtte først gjennomføre pilotprosjektet der dei kartlegg biverknadar og undersøker om det å få tilført plasma er trygt for deltakarane.

- Alt det grunnleggande vi har målt, som blodtrykk og ein heil del biomarkørar, ser stabilt ut med keisame og flate kurver – og det er jo bra! seier Holland om dei foreløpige resultata frå piloten.

Det kan tyde på at behandlinga er trygg og gir lite biverknader for mottakarane.

No skriv forskarane ein artikkel om pilotprosjektet, med nett hovudvekt på metode, biverknader og tryggleik.

- Vi meiner det er trygt nok til å gå vidare med ein randomisert studie – og håper etisk komité er einige, seier han.

Eit bevisst val

I dag sit Natvik attmed plasmaferesemaskina for fjortande gong.

Frå eit hol i arma hans strøymer blod gjennom ein gummislange bort til maskina, der eit filter sørger for at blodceller og strågult plasma skil lag.

Når 180 ml blod er tappa ut og filtrert, blir cellene sendt i retur inn i Natviks arm, mens plasmaet blir verande att i ein pose. Prosessen gjentek seg til posen med plasma når det volumet som aferesemaskina er innstilt på.

Kor mykje plasma ein kan donere avgjerast av kjønn, høgde og vekt, og i dag er det 750 ml for Natvik.

- Eg hadde ikkje høyrt om å donere plasma i det heile tatt før eg vart med i forskingsprosjektet, fortel Natvik.

No gir han plasma fast kvar fjerde veke til blodbanken, og trivst med det.

Kor mykje plasma Sebastian Natvik kan gi avhenger av kjønn, høgde og vekt. Bioingeniør Karoline Furnes plotter 750 ml inn i plasmaferesemaskina.

Sjølv om plasmaferese tek lenger tid, opptil 40 minutt, synest han det har mange fordelar. Så lenge han drikk nok undervegs merker han lite, og blir ikkje sliten. Faktisk kan han gå rakt frå aferese til trening.

I staden for til demensforsking, blir plasmaet no fryst og sendt utanlands for fraksjonering og produksjon av medisinar, som immunglobulin.

Plasma - eit beredskapsspørsmål

Samtidig som leigeavtala til tappestasjonen i Hausmannsgata går mot slutten, skal Blodbanken i Oslo snart opne nye sentrumsnære tappelokalar i Stortingsgata. Då håper dei på eit oppsving i antal nye givarar.

- Til det har vi kjøpt inn fire nye plasmaferesemaskinar. Då doblar vi kapasiteten vår, sier Nissen-Meyer.

Ho synest likevel det er vanskeleg å svare på om plasmaferese blir ein større del av blodbankdrifta i framtida. Delvis fordi Ullevål sjukehus, der Blodbanken i Oslo har den største drifta si, skal leggast ned, og enno veit dei ikkje sikkert kor dei skal flytte hen.

Men eitt er ho sikker på:

- Ein bør tappe mykje meir plasma i Noreg. Vi er langt frå sjølvforsynte av medisinane som lagast av plasma, som immunglobulin, seier Nissen-Meyer, og legg til:

- Det å tappe plasma til eige bruk i Noreg og vere sjølvforsynt er jo også eit beredskapsspørsmål.

Powered by Labrador CMS