Det er stort behov for bioingeniør-kompetanse i primær-helsetenesta!

Marit Steinsund

"Ytring" er denne gang skrevet av Marit Steinsund (57), bioingeniør og laboratoriekonsulent, Noklus Sogn og Fjordane.

Ytring

Det er stort behov for bioingeniør-kompetanse i primær-helsetenesta!

Både legesenter, legevakter og sjukeheimar med KAD-senger kan ha eit omfattande analyserepertoar. Men det er ikkje sagt kva yrkesgrupper som skal utføre dette laboratoriearbeidet.

Publisert

Endret

Av Marit Steinsund

SAMHANDLINGSREFORMA har ført til at liggetida i sjukehuset blir kortare og kortare, og pasientane utskrivast raskt for vidare behandling i kommunale omsorgstenester. For mange pasientar vil det vere aktuelt med prøvetaking hos fastlege, og nokre får oppfølging i sjukeheim eller KAD-senger (KAD = kommunale akutte døgnplassar), eller i heimen. Mange stadar er legekontora samla i større senter, og store legevakteiningar kan dekke opp fleire kommunar.

OPPGÅVENE I KOMMUNALE HELSETENESTER har blitt fleire og meir krevjande. Utval har sett på behovet, til dømes kva som trengst for å gje godt tilbod til pasientar i KAD-senger. Både legesenter, legevakter og sjukeheimar med KAD-senger kan ha eit omfattande analyserepertoar. Men det er ikkje sagt kva yrkesgrupper som skal utføre dette laboratoriearbeidet. Det er alltid eit spørsmål om økonomi og å fordele ressursane rett.

DEI FÆRRASTE I KOMMUNELEIINGA har detaljkunnskap om det som trengst for å utføre laboratoriearbeid. Mange trur at sjukepleiarar i si utdanning også lærer blodprøvetaking og anna laboratoriearbeid. Og dersom det (i tillegg til prøvetaking og analysering) er mange andre oppgåver som skal utførast, vil mange kommunar prioritere det sjukepleiefaglege. Då hender det at legekontor og legevakter vel å tilsetje ein ekstra sjukepleiar som «lett» kan opplærast i laboratoriearbeidet, i staden for ein bioingeniør med spisskompetanse på dette.

PÅ SJUKEHUSLABORATORIUM er det sjølvsagt at det er bioingeniørar som styrer med hematologimaskina. Dersom primærhelsetenesta har omfattande repertoar med celleteljar og syre-baseinstrument, burde det også her stillast krav om laboratoriefagleg kompetanse? Rett nok er det mange eksempel på at sjukepleiarar kan lærast opp til å bli flinke i praktisk laboratoriearbeid. Men det går vel også an å lære opp ein bioingeniør til noko av det sjukepleiarane og andre yrkesgrupper utfører?

Den som frigjev svaret, må forstå kva resultatet betyr.

KVIFOR BØR DET VERE tilsett bioingeniør? Prøveanalyseringa blir jo stadig enklare og meir automatisert. Det er jo berre å trykke på start, så held maskina oversikt over resten, både det som er rekvirert, sjølve analyseringa og gjerne svaroverføring. Er det noko unormalt, markerast det med obs-varsel og flagg. Kan «kven som helst» styre maskina, lære vedlikehald og fylle på med reagens?

JA, KVEN SOM HELST kan trykke på start og produsere eit måleresultat. Men analyseringsprosessane er kompliserte, metodane er kompliserte og fagkunnskap må til for å validere svara og å fange opp om det har skjedd feil. Den som frigjev svaret, må forstå kva resultatet betyr, kva flagg og obs-varsel betyr og korleis dei skal følgjast opp. Er måleresultatet rimeleg eller urimeleg ut frå diagnose? Er det som venta etter prøvemateriale og prøvetidspunktet? Kan svaret rapporterast eller ikkje? Bør prøven takast på nytt eller vil det uansett ikkje bli ei god måling? Denne vurderinga gjerast med fagkunnskap som bioingeniørane har tileigna seg gjennom fleirårig studium og praksisperiodar. Denne kompetansen trengst for at pasientane skal få best mogleg oppfølging.

EG MEINER AT DET ER stort behov for bioingeniørkompetanse i primærhelsetenesta. Og når det er tilsyn med kommunale omsorgstenester, burde det også etterspørjast om dei som utfører laboratoriearbeid har god nok opplæring.

Fem skribenter bytter på å skrive i Bioingeniørens faste spalte «Ytring»:

Frode Askildsen (42), fagbioingeniør ved Sørlandet sykehus Arendal

Kirsti Hokland (61), bioingeniør, studiekoordinator og universitetslektor ved Bioingeniørutdanninga, Universitetet i Tromsø

Marit Steinsund (57), bioingeniør og laboratoriekonsulent Noklus, Sogn og Fjordane.

Marianne Synnes (47), bioingeniør, molekylærbiolog og stortingsrepresentant for Høyre

Ida Folvik Adem (26), bioingeniør ved Martina Hansens hospital i Bærum

Stikkord:

Primærhelsetjenesten