Manglar Leger utan grenser erkjenning av bioingeniørar som faggruppe?

Debatt

Manglar Leger utan grenser erkjenning av bioingeniørar som faggruppe?

Bioingeniørar bør bli meir synlege. Vi kan synleggjere oss sjølve, men andre kan også bidra ved å ikkje gøyme bort bioingeniørane.

Publisert

Endret

Av John Olav Alvsvåg, spesialbioingeniør

For ei tid tilbake hadde ein elles utmerka organisasjon som Leger utan grenser ei posterutstilling i Sentralblokka på Haukeland universitetssjukehus. Posterane var på engelsk og tok for seg mor/barn (HIV)-problematikk og blodbank / transfusjon. Analyser som blei omtalt var CD4-teljing, blodtyping og hb-måling med fleire.

Personalet som blei omtalt var som vanleg leger og sjukepleiarar, og ei halv setning om epidemiologar.

Ikkje eit kløyva ord om bioingeniørane som faktisk primært gjer slik analysearbeid og som eventuelt har stått for opplæring av leger / sjukepleiarar til å handtera slike instrument. Dette bør takast opp med Leger utan grenser, da eg veit om fleire bioingeniørar som har vore ute på oppdrag for dei og har handtert CD4-teljingar osv.

Sjølv har eg som Internasjonal Røde Kors-delegat på både Afghanistan - Pakistan og Thailand – Kambodsja-grensa for cirka 30 år sidan jobba tett med Leger utan grenser. Eg opplevde organisasjonen som sterkt samarbeidsorientert med personale som eg hadde god omgang med på fritida.

Men eg synest «Helsepersonell utan grenser» hadde vore meir dekkande for deira utmerka innsats! Eksempelvis famnar organisasjonen «Ingeniører utan grenser» alle grupper av ingeniørar.

Stikkord:

Samfunn