Minneord for Birgitte Skjerping Kallestad

Folk

Minneord for Birgitte Skjerping Kallestad

Publisert

Endret

Bioingeniør Birgitte Skjerping Kallestad døydde etter kort tids sjukdom den 6. mai 2019, berre 24 år gamal.

Birgitte var frå Bjorøy i Fjell kommune, og tok bioingeniørutdanninga ved Høgskulen på Vestlandet, der ho var ferdig 2018.

Birgitte Skjerping Kallestad
Birgitte Skjerping Kallestad

Same sommaren fekk ho vikariat som bioingeniør ved Førde Sentralsjukehus i Helse Førde, ved laboratorium for medisinsk biokjemi og blodbank (LMBB). Frå august 2018 var ho tilsett ved mikrobiologisk avdeling, først i vikariat, så i fast stilling.

Birgitte var ein aktiv og interessert bioingeniør som likte nye oppgåver. Ho greidde seg godt, ho lærte fort og gjorde ein god og samvitsfull jobb. Ho likte seg i Førde, og vi hadde store forhåpningar til å kunne behalde henne hos oss.

Under ein ferietur i februar vart ho smitta med den dødelege sjukdomen rabies. Hennar sjukdom og død var ufatteleg trist for kollegaer og dei mange vener ho hadde ved laboratoria, og gjorde eit sterkt inntrykk i heile Helse Førde. Ho var omgjengeleg og sosial, noko som gjer saknet ekstra sterkt. Eksempelvis var det Birgitte som tok ansvar for å pynte vaktrommet og gjere innkjøp av godterier til avdelinga før påskehøgtida i april.

Birgitte vart gravlagd frå Foldnes kyrkje 15. mai, i ei vakker gravferd med mykje folk til stades, også frå Helse Førde.

Vår medkjensle går til hennar sambuar og pårørande.

Kollegaer ved laboratoria, Førde sentralsjukehus