Unormalt lav urinsyre hos kreftpasient

Prøvesvaret

Unormalt lav urinsyre hos kreftpasient

Ved analysering av prøver tatt på morgonrunde reagerte ein bioingeniør på eit svært lavt urinsyreresultat. Prøva var av ein eldre pasient innlagt på kreftavdelinga. 

Publisert

Endret

Av ASTRID LIED, bioingeniør ved Medisinsk biokjemi, Ålesund sjukehus

Resultatet vart ikkje autovalidert fordi det var under grensa for dette. Forrige svar var gitt ut som 17 umol/L. Dagens prøve kom ut med 10 umol/L. Desse resultata var for så vidt nokså like, men ingen av oss hadde sett eit så lavt resultat før, i alle fall ikkje på ein vaksen pasient.

I cITm (mellomvareløysinga til Cobas) fann vi at det forrige resultatet hadde blitt reanalysert for kontroll. Første analysering hadde blitt 28 umol/L, mens andre hadde blitt 17. Dette svaret var utgitt. Vi reagerte på at det var så pass stor forskjell på resultata. Vår første tanke var derfor om det kunne vere interferens som påverkar analysa?

Ved sjekk i laboratoriedatasystement fann vi ut at pasienten jamt over hadde hatt høge resultat på urinsyre, svara hadde variert mellom 400 og 700 umol/L siste året (stort sett 500-600). Gårsdagens prøve på 17 var tatt om ettermiddagen. Same morgon var det også tatt prøve, og det resultatet var 404 umol/L, altså ein ekstrem nedgang på få timar. Under kliniske opplysningar var det oppgitt at prøva var tatt etter cytostatikakur. Dette vil vanlegvis kunne føre til auka verdiar.

Det var ingen opplysningar om medikament. I håp om å kome til botn i dette, spurte eg vår laboratoriespesialist om hjelp.
Etter kort tid kom han tilbake og kunne fortelle at pasienten hadde fått eit medikament, Rasburicase. Pasientar som får tumorlyseterapi (cytostatikaterapi) får ofte samtidig Rasburicase (Fasturtec) som bryt ned urinsyre for å hindre akkumulering i nyrene. Pasientar med høg urinsyre får normale eller lave urinsyrekonsentrasjonar etter oppstart med Rasburicase alt etter fire timer.

Nedbryting av urinsyre skjer også ex vivo, og blodprøva for monitorering av urinsyre ved Raburicase-inntak må difor tas under spesielle forhold. Urinsyreresultatet i vår prøve skulle altså vere lavt, men sidan urinsyre vart brote ned også etter prøvetaking, vart det raskt unormalt lavt og vi fekk fallande resultat ved reanalysering.

Konklusjonen vart at når vi skal ta urinsyre på slike pasientar, må vi ha særskilt prøvetakingsrutine. Prøva må takast på litiumheparin/heparin-plasma. Røret må kjølast ned før prøvetaking og settast på is rett etter prøvetaking. Prøva sentrifugerast i kjølesentrifuge og settast på is igjen før analysering. Prøva må analyserast innan fire timar. Hos oss er det rekvirenten sitt ansvar å gi beskjed i disse tilfella.

Moralen må difor vere (og det gjeld alle analysar): Ikkje godkjenn denne type unormale svar, sjølv om du har kontrollert analysen med reanalysering. Det kan mellom anna skuldast medikament som påverkar, som i dette tilfellet, andre interferensar eller feil ved prøvetaking.

Har du en historie om et uventet prøvesvar? Send den til bioing@nito.no

Stikkord:

Kvalitetsutvikling, Medisinsk biokjemi, Preanalyse, Prøvekvalitet