Det er hardt å være forskar!

Det kan være hardt å være forskar! Illustrasjon: Sven Tveit

FAG KRONIKK
FAG Kronikk

Det er hardt å være forskar!

Kvifor blir vi forskarar? Kvifor bit vi oss fast med ei låg snittløn, lang utdanning og arbeidstid – og få frynsegode? Jo, for meg er det suget etter å komme til botnen av alt, og samstundes vite at det er botnlaust, som får meg til å halde fram.

Helene Bustad Johannessen byr på et skråblikk på forskerlivets utfordringer. Hun er bioingeniør og postdoktor ved Universitetet i Bergen.
  • Å få tre-fire år til å prøve å setje seg inn i kvar minste detalj av eit protein og skjøne at ein kunne via livet sitt til detaljane.
  • Å kjenne på at jo meir ein lærer, jo mindre kan ein.
  • Å være svolten på det som er bak detaljane.
  • Å undersøkje årsakene, skilnadane, likskapar og bakgrunnen til biologiske hendingar på atomnivå.
  • Å få muligheita til å vie kvardagen sin til mikroskopiske, usynlege ting med eit håp om å forandre verda, berre litt.

Det er ein doktorgrad, det. Det var i alle fall det eg trudde då eg byrja på graden i 2011. Fem år seinare, eit born rikare og med doktortittel i boks, er eg usikker på kva eg har tilbakelagt. Eg er trettiseks år og veit framleis ikkje kva eg skal bli når eg blir stor.

DET FINST TO TYPAR FOLK som tek ein doktorgrad. Den typen som heile livet har drøymt om å få vere forskar - og så sånne som meg, kor det blei litt på slump. Eg har gode karakterar frå vidaregåande, og var innom både kunsthistorie og kledesign før eg falt ned på at eg ville vere kreativ, men med eit teoretisk fundament å byggje på. Etter råd frå ein klok vaksen, søka eg meg inn på bioingeniørstudiet. Eg kjende meg ikkje ferdigstudert etter tre år, og fortsette på ein mastergrad. Då forskingsgruppa eg var knytt til spurte om eg ville søkje doktorgradsstipendiat med dei, var valet enkelt.

SÅ KVIFOR har eg tatt ein doktorgrad? Det har jo vore meir enn berre «slumpen» som har drive meg. Løna er det ikkje. Som NITO-medlem var snittløna for ingeniørar tilsette i stat 50-60 000 meir enn det eg har hatt. Men sidan eg «alltid» har forska, veit eg ikkje kva eg har gått glipp av. Eg er òg godt innforstått med at stipendiatar i Noreg har mykje betre løn og vilkår samanlikna med andre plasser i verda. Vi er til dømes underlagt arbeidsmiljølova med dei godane det inneber, som krav på ferie og diverse permisjonar. Når det er nemnt, er det nok fleirtalet stipendiatar som bryt lova. Ifølge arbeidsmiljølova skal ikkje overtidsarbeidet overstige meir enn 200 timar innanfor ein periode på 52 veker (1). Eg kan med handa på hjartet seie at eg braut lova i innspurten.

TRASS I DENNE ENORME BANKEN med overtidstimar, fell ein mellom to stolar om kontrakten går ut før ein har disputert. Og det er jo det vanlegaste. Eg leverte oppgåva mi halvanna månad før kontrakten gjekk ut og disputerte halvanna månad etter. Først då eg hadde disputert kunne eg melde meg arbeidslaus, for hjå NAV blir arbeid med avhandlinga etter innlevering, rekna som en aktivitet for å tilegne seg kunnskaper (2) Dette er sjølvsagt rett og rimeleg. Det er ikkje meininga at staten skal subsidiere førebuinga til disputas, men etter så mykje hardt arbeid er det merkeleg å få kjensla av å falle utanfor systemet.

FRIDOM OG FLEKSIBILITET er viktige stikkord i akademia. Fridom til å kome klokka ni på kontoret, byrje dagen med ein artikkel og ein kopp kaffi. Fleksibilitet til å ta ein halv dag ein fredag og jobbe det inn i helga. Jobbe heimafrå om det er artikkelskriving på tapetet og ein treng fred og ro. I stor grad vere sjef over kvardagen.

SNUR VI PÅ FLISA, har ein aldri fri. Sjefen kan sende e-post rundt midnatt og ønske svar morgonen etter. Har du deadline på måndag, tek du helga i bruk. Utan overtidsbetaling, sjølvsagt. Det går andre vegen òg. Rettleiaren min satt i Alicante og las doktorgradsavhandlinga mi før eg leverte. Ein kan ha forsøk som krevjar meir enn ein normert arbeidsdag og du må kanskje kome inn igjen etter borna er i seng for å gjere deg ferdig. Summa summarum blir det ofte meir enn 37 ½ timar per veke. Og det er jo naudsynt sidan vi strengt tatt konkurrerer med resten av verda om stillingane våre: Med dei som ikkje har halvparten så godt betalt som vi har og dei som jobbar lang meir enn 40 timar kvar veke. Skal vi ha ein sjanse i det akademiske spelet, må vi ofre noko. Det er til dømes venta at ein skal flytte på seg. Etter ferdig doktorgrad bør ein ta med seg rubbel og bit og dra opp røtene sine for ein postdoktorstilling. Og gjerne for den neste òg. Det er sjølvsagt ein glitrande muligheit til å oppleva nye kulturar, bli kjent med nye folk og lære nye ting, men ikkje alltid like enkelt om ein har familie eller andre forpliktingar.

FAST JOBB er heller ikkje eit godt argument for å satse på ei forskarkarriere. Utsiktane for å få fast jobb i akademia er ikkje særleg gode, og det er slett ikkje uvanleg å gå 10–15 år i mellombelse stillingar. Men det er heldigvis statistisk sett liten sjanse for at doktorar går arbeidslause (3) og tal frå 2007 seier at 95 prosent er i arbeid etter 5–10 år (4). Det er rett nok gamle tal, og det har skjedd ein eksplosjon av talet doktorgradar sidan 2007, spesielt innan medisin og helsefag, med om lag 40–50 prosent fleire avlagte doktorgradar dei fem siste åra (5). Nyare tal viser at om lag 30 prosent av postdoktorane har fast vitskapleg/fagleg stilling etter 8 år (6). Ein bit seg fast, og mange tar til takke med korte engasjement på toppen 12 månader i slengen i håp om at det løyser seg.

I EIT KARRIERELØP som i aller høgaste grad er lagt opp mot innsida av akademia, kan det vere vanskeleg å heve blikket og sjå på seg sjølv med nye auge. Kva kan eg meir enn å pipettere, sjå på proteinstrukturar og køyre enormt tilpassa og spesifikke analysemetodar, og så vidare? Det er lett å gløyme all prosjektleiinga, kor lett ein sit seg ned og les ein forskingsartikkel, formidlingsevna ein får trening i, dei store mengdene data ein kan handtera, alt det kompliserte analysearbeidet – all den generelle ikkje-fagspesifikke kunnskapen ein har tileigna seg og som ikkje er formalisert, men som garantert kan brukast utanføre akademia.

MANGE AV KOLLEGANE MINE seier «eg vil ikkje bli professor, eg vil berre forske» eller «den som berre kunne vore postdoktor for alltid». Det er ironisk at jo høgare du kjem i systemet, jo fleire tilleggsoppgåver av administrativ grad får ein, og ein får mindre og mindre tid til å vere på laben. Det er dei færraste av professorane som gjer forsøka sine sjølv, så det mange elskar – å vere på laben og pipettere, mikse, blande, riste og måle – blir ein til dels fråtatt.

SÅ KVIFOR GJER VI DETTE? Kvifor bit vi oss fast med ei låg snittløn, ei lang utdanning, for ikkje å snakke om arbeidstida som ikkje alltid er lovleg og sjeldan økonomisk kompensert? Svaret ein får er gjerne «eg brenn for det eg gjer». Nokre ville nok òg svare «eg veit ikkje kva anna eg kan gjere». Eg trur svaret er meir fasettert. Til dømes står ein aldri i fare for å få ein rutineprega kvardag, og ein får alltid høve til å nære hungeren med å lære nye ting. Ein har fridomen til å kunne reise til andre forskingsgrupper, få utvikla seg sjølv og teknikkane sine. Ein får utfordra seg sjølv med både opp- og nedturar på laben, ein får kjenne på sigeren når forsøket er vellukka, teknikken ein har utvikla fungerer eller artikkelen ein har arbeidd med i fleire år endeleg blir antatt. Dei sigrane driv ein vidare. Ikkje minst, ein får konstant næring til nysgjerrigheita si: Jo meir ein lærer jo meir skjønner ein at det er å lære.

Det er eit sug etter å komme til botnen av alt, og samstundes vite at det er botnlaust.

Difor klorer eg meg fast, enn så lenge.

Stikkord:

Forskning, Humor