Ei kort innføring i blodbankarbeid

FAG i praksis

Ei kort innføring i blodbankarbeid

Frå Landsteiner oppdaga ABO-systemet i 1901 og fram til i dag, har det vore ei rivande utvikling. Me kjenner no 33 blodtypesystem og fleire hundre blodtypeantigen. Heldigvis er ikkje alle like klinisk viktige.

Publisert

Endret

Illustrasjonsfoto: Tomas Moss

ABO-systemet, det første som vart oppdaga, er det viktigaste blodtypesystemet fordi dei naturlege ABO-antistoffa er av ein type som gjer at reaksjon på uforlikelege erytrocyttar kjem straks, med hemolyse i blodbanen. ABO-typing er enkelt, men krava til både antisera og celler er strenge. Noreg krev, som EU, at sera og celler som vert brukt er CE-merka.

Rh-systemet
Det nest viktigaste blodtypesystemet er Rh-systemet med over 50 antigen, der D-antigenet (RhD) er det viktigaste. Anti-D er farlegast i samband med svangerskap, og skadane anti-D kan gjera på eit foster førte til at ein på 1960-talet tok i bruk RhD-profylakse. I Noreg vert denne profylaksen gitt til alle RhD-negative kvinner innan 72 timar etter fødsel av eit RhD-positivt born.

Identitetssikring
Feil ABO-typing er så alvorleg at før ABO-typelikt blod kan gjevast, må pasienten vera blodtypa i to prøvar tatt ved to ulike prøvetakingar. Dette skuldast at dei fleste feila skjer i samband med identifisering av pasienten, ved prøvetaking eller ved transfusjon.

Automatiserte analysemaskinar på blodbanken minskar også feilkjeldene og sannsynet for feil konklusjon på ABO/RhD-typing.

Før transfusjon
Før transfusjon skal pasienten vera ABO/RhD-typa og antistoffscreena (T&S). I screeninga vert pasienten sitt plasma testa mot celler med alle klinisk viktige blodtypeantigen til stades, for å sikre at eventuelle antistoff vert påvist. Dersom ein pasient har eitt eller fleire antistoff, må ein identifisera desse. Et panel av 11 til 16 kjente cellegivarar vert brukt til dette. Å koma til rett konklusjon tek frå timar til dagar. Først når det er utført to identiske blodtypingar og screeninga er negativ, kan pasienten få ABO/RhD-typelikt blod etter elektronisk forlik, som betyr at datasystemet kontrollerar at blodet er forlikeleg med pasienten sin blodtype. T&S vert gjort kvart fjerde døgn, så lenge pasienten skal ha blod. Elektronisk forlik er difor gyldig i fire døgn frå prøvetaking. Nokre pasientar må ha blod før prøvane er ferdig analysert, og då vert såkalla beredskapsblod gitt: O RhD negative erytrocyttar, O-trombocyttar og AB-plasma.

Born og kvinner under 50 år skal ha blod som manglar K-antigenet. Anti-K kan vera skadeleg for fosteret under framtidige graviditetar. Bestrålt blod vert gitt til nyfødde og immunsupprimerte pasientar for å hindra «transplantat-mot-vert sjukdom» (GVHD; Graft-versus-host disease).

Transfusjon
Saman med blodet leverer blodbanken skjema med informasjon om mellom anna blodtype og pasient-ID. Transfusjonsansvarleg skal kontrollera at blodet er reservert pasienten (namn og fødselsnummer) og at blodtypen til blodet er forlikeleg med blodtypen til pasienten. Denne kontrollen skal gjerast ved pasienten. Når transfusjonen er over, skal det rapporterast i blodbanken sitt datasystem korleis transfusjonen gjekk.

Reaksjonar
Transfusjon er ein form for transplantasjon som immunsystemet til mottakaren kan reagera mot. Det kan difor aldri bli heilt sikkert å få blod. Det er mange ulike komplikasjonar til transfusjon, men dei er sjeldan alvorlege. Transfusjonsreaksjonar skal i kvart tilfelle undersøkast nærare. I tillegg til blodtypeserologiske reaksjonar, kan transfusjonsreaksjon visa manglar i det praktiske rundt transfusjonen, og det skjer framleis at feil blod vert gitt til feil pasient.

Blodgivaren
Å gi blod er trygt, men det er alltid ein liten risiko for biverknadar. Av omsyn til både givaren og mottakarane av blodet må givaren kvar gong fylla ut spørjeskjema og deretter ha ein samtale der skjemaet vert gjennomgått. Givaren skal rett før prøvetaking/tapping opplysa namn og fødselsdato for å sikra identiteten. Blod vert ikkje brukt før givaren er ABO/RhD-typa i to prøvar og screena. Alle påfølgande tappingar vert ABO/RhD-typa.

Gravide
Alle gravide vert ABO/RhD-typa og screena. Dei som er RhD-negative vert i tillegg screena i veke 32 og veke 36. Irregulære antistoff hjå gravide kan gi hemolytisk sjukdom hos foster/nyfødt (HDFN), og antistoffa vert følgt opp med titrering. Aukar titeret under graviditeten, kan det tyda på at fosteret har antigenet mora har antistoff mot, og erytrocyttane til barnet kan verta hemolysert. I tillegg til anemi vil barnet kunne få skadar frå fritt hemoglobin i blodbanen.

100 000 blodgivarar
I 2014 kan ein ikkje tenka seg eit helsevesen utan blod til behandling av pasientar. Noreg har over 100 000 aktive blodgivarar og 27 blodbankar som leverer ut blod til pasientane når dei treng det. Arbeid i blodbankane er ei blanding av manuelle og automatiserte analysar, og det skjer ei stor utvikling sjølv om mange av metodane har vore dei same i fleire tiår.

Stikkord:

Blodbank, Blodgivning, Blodtyper, Transfusjonsmedisin