Etikk
Autorisert frå dag éin, erfaren frå dag to?
Kva skjer den dagen du går frå å vere student til å bli bioingeniør, og det plutseleg er du som skal ta ansvaret? Overgangen frå student til yrkesaktiv kan vere både spennande og krevjande.
Dette innlegget er en meningsytring. Innholdet står for skribentens regning.
Som student er ein omgitt av faglærarar, praksisrettleiarar og medstudentar. Ein kan vere usikker, stille spørsmål og lære av feil. Som autorisert helsepersonell må ein ta faglege og etiske avgjerder og stå ansvarleg åleine for eigne handlingar. Overgangen kan kome brått. Frå å observere skal ein handle. Ein kan til dømes møte ein pasient som nektar å få tatt blodprøva, medan det samtidig ligg føre eit tvangsvedtak. Då må faglege rutinar vegast opp mot etisk ansvar. Utdanninga gir eit viktig grunnlag, men mange av dei vanskelegaste dilemma kjem først når ein står i jobb.
Å være autorisert er ikkje det same som å vere ferdiglært
Bioingeniørar arbeider mellom teknologi, laboratoriefag og pasientkontakt. Møte med pasientar, kollegaer og samarbeidspartnarar krev refleksjon, god kommunikasjon og evne til å handtere ulike behov og forventningar.
Vi har nasjonale retningslinjer som fastset kva kompetanse helse- og sosialfagstudentar skal ha etter fullført utdanning. Dette handlar ikkje berre om fagkunnskap, men også om profesjonell dømmekraft, kritisk refleksjon og evne til å handtere etiske problemstillingar. Likevel markerer autorisasjonen ikkje slutten på læringa. Ny teknologi, nye arbeidsmåtar og møte med ulike menneske gjer at den etiske kompetansen må utviklast gjennom heile yrkeslivet. I studiet kan etiske dilemma drøftast i trygge rammer. I arbeidslivet oppstår utfordringane ofte samtidig med tidspress, høgt arbeidstempo og krav om raske avgjerder. Det kan vere lettare å vite kva som er rett i teorien, enn å handle når ein står midt i situasjonen.
Å vere ny og ha ansvar samtidig
NITO BFIs yrkesetiske retningslinjer seier at bioingeniørar skal vise respekt for menneskeverdet, pasienten sin integritet og retten til sjølvbestemming. Dei skal arbeide fagleg forsvarleg, halde kunnskapen ved like og seie frå om uforsvarleg praksis.
Å vere nyutdanna og samtidig ha profesjonsansvar kan opplevast som eit dilemma. Ein er framleis i læring, men har ansvar for eigne handlingar og vurderingar. Mange ønskjer å passe inn, lære av erfarne kollegaer og unngå konflikt. Då kan det opplevast vanskeleg å stille spørsmål eller seie frå når noko verkar feil.
Kommentarar eller situasjonar kan vere vanskelege å tolke riktig.
Difor er gode kollegaer og leiarar avgjerande. Når spørsmål blir møtte med respekt, blir det lettare å utvikle fagleg tryggleik og profesjonelt mot. Profesjonsansvar handlar ikkje om å kunne alt, men om å bruke kunnskapen sin, søkje hjelp når ein treng det og handle forsvarleg.
Den vanskelege kommunikasjonen
Arbeidsplassen er ein møteplass for menneske med ulik alder, erfaring, kultur, språk og fagleg bakgrunn. Mangfald gir fleire perspektiv, men kan også føre til misforståingar. Som nyutdanna kan det til dømes vere utfordrande å balansere mellom respekten for fagkunnskapen til erfarne kollegaer, og ønsket om å bidra med ny kunnskap frå studietida. Eg har sjølv erfart kor viktig kommunikasjon og gjensidig respekt er. Kommentarar eller situasjonar kan vere vanskelege å tolke riktig. Når arbeidsplassen gir tilsette språk og verktøy for å handtere slike situasjonar, blir det lettare å bidra til eit inkluderande arbeidsmiljø.
Vi må lære gjennom heile arbeidslivet
Dersom studentar skal bli betre førebudde på arbeidslivet, må utdanning, praksis og arbeidsplassar samarbeide. Eg meiner at utdanningane i større grad bør bruke realistiske dilemma frå laboratorie- og helsetenesta. Praksisplassane bør gi rom for refleksjon rundt faglege og etiske val, medan arbeidsplassane må vidareføre dette arbeidet etter autorisasjon.
Etisk kompetanse er ikkje noko ein blir ferdig med når ein får autorisasjon. Denne kompetansen blir utvikla gjennom erfaring, refleksjon og samarbeid. Målet er ikkje at den nyutdanna bioingeniøren skal ha svar på alle spørsmål, men at ein tør å stoppe opp, stille spørsmål og handle på ein fagleg og etisk forsvarleg måte.