Opnar opp for praksis i Tanzania
- Det er dette studentane vil. Dei vil ikkje til Danmark eller Sverige lenger.

Det fortel Vigdis Landsverk, praksisansvarleg for bioingeniørutdanning på Universitetet i Agder (UiA).
Allereie i haust reiser fire bioingeniørstudentar frå Universitetet i Agder (UiA) til Tanzania for å gjennomføre seks vekers praksis. I januar drar ytterlegare fem.
Landsverk har vore med heilt frå starten, og reiser framleis saman med studentane og sett dem i gong.
Langvarig samarbeid
UiA signerte nyleg ein ny praksisavtale med Haydom Institute of Health Sciences, i tilknyting til Haydom Lutheran Hospital, som ligger på landsbygda cirka 300 kilometer sør-vest for byen Arusha.

Frå 2007 hadde UiA eit samarbeid med sjølve sjukehuset - som blei oppretta av norske misjonærar i 1955, men det blei avslutta i 2020 under koronapandemien. Den nye avtalen er med det nyoppretta instituttet på Haydom, som tilbyr laboratorieutdanning, sjukepleieutdanning og ei treårig klinisk utdanning.
- Vi er svært glade for å ha gjenoppretta samarbeidet, seier Landsverk.
Nyttig lærdom
Brorparten av praksisen vil skje på laboratoriet på sjukehuset, men studentane får også hjelpe til på mobile helsestasjonar. Dei er plassert langt frå sjukehuset, der folk bur. Her kan studentane få delta på vaksinering og anna førebyggande arbeid.

Det er berre tredjeårsstudentar som får tilbodet, og UiA sender maks seks studentar i hausthalvåret og seks i vårhalvåret.
Landsverk fortel at studentane kan vente seg mykje ny lærdom under praksisoppholdet, blant anna
- internasjonal erfaring, som er viktig i eit fleirkulturelt samfunn
- kunnskap og erfaring med helsearbeid i eit utviklingsland, og med korleis forebyggande arbeid, diagnostikk og behandling av sjukdommer foregår i Tanzania
- innblikk i globale helseproblem
- Ikkje minst lærer dei mykje om seg sjølv, og veks som personar, legg Landsverk til.
Allereie har ho mottatt fleire e-poster frå årets førsteårsstudentar som ønsker seg til Haydom i tredjeklasse.
Les meir: Bioingeniør-studentar kan ta praksis i Tanzania