Marie Roald landa avdelingssjefsjobben
- Det er ei stor og spennande oppgåve, seier Roald. Ho er tilsett som ny avdelingssjef for Avdeling for medisinsk biokjemi og blodbank i Helse Møre og Romsdal.
Roald kjem frå stillinga som seksjonsleiar for medisinsk biokjemi og blodbank i Ålesund, og kjenner godt til leiarar og mange av dei tilsette på laboratoria i Ålesund, SNR Hjelset og Volda frå før.
Det kjem godt med når ho no skal leie ei avdeling som er delt på fleire lokalisasjonar.
- Det å leie på fleire stader samtidig blir utfordrande, seier Roald, og legg til at ho har innsett at det er ein del å sette seg inn i når det gjeld drift – pluss alt det som kjem ramlande inn undervegs.
Roald søkte på stillinga fordi dåverande avdelingssjef Brit Valaas Viddal skulle pensjonere seg – og fordi ho hadde lyst. No er ho godt nøgd med å ha fått stillinga.
- Eg kjenner meg veldig privilegert som får overta leiinga i ei veldriven avdeling med dyktige leiare og medarbeidarar, seier Roald.
Lite upløgd mark
I den nye stillinga har Roald ansvaret for dei tre seksjonane i Avdeling for medisinsk biokjemi og blodbank, og er også formelt direkte leiar for alle blodbankane. Sjølv har ho tidlegare jobba som bioingeniør på blodbank, og kjenner godt til alle tilsyna som krevjast.
- Det blir òg krevande, for det er ingen laboratorium som er så gjennomregulert som dei. Heldigvis har vi veldrivne blodbankar med dyktige bioingeniørar.
Det som er heilt nytt for Roald er at ho skal bidra i klinikkrådet til Klinikk for diagnostikk, samhandle med dei andre avdelingsleiarane og rapportere direkte til klinikksjefen.
No ved årsskiftet er det særskilt mykje som skal rapporterast inn.
- Akkurat no er eg litt overvelda, men eg trøyster meg med at det blir betre med tida – og eg gler meg! seier den nybakte avdelingsleiaren.
Allereie godt i gang
Sjølv om ei oppdatering på LinkedIn antydar at Roald er heilt fersk i jobben, starta ho i avdelingssjefsjobben 1. desember.
- Eg er nok litt treig til å oppdatere på sosiale medium – og akkurat no har eg vel hatt litt imposter syndrom, seier ho og flirer høgt.
Ho har visst sidan september at ho fekk stillinga, og har overlappa ein del med avtroppande leiar Brit Valaas Viddal, som framleis kan spørjast om råd.
- Det er veldig kjekt å få vere med å påverke, seier Roald om den nye jobben.
Ho forsikrar om at ho er typen som held seg orientert og er ikkje interessert i å ta avgjerder over hovuda på folk.
- Nei, eg vil snakke med folk! slår Roald fast.