Seksjonsleiar med rekrutteringstillegg, Voss sjukehus

Tilbake til ledige stillinger

Seksjonsleiar med rekrutteringstillegg, Voss sjukehus

Varighet:
Fast
Sted:
Voss
Søknadsfrist:
11.08.2024

Seksjonsleiar med rekrutteringstillegg ved laboratoriet på Voss sjukehus

Laboratorieklinikken / Avdeling for medisinsk biokjemi og farmakologi (MBF) / MBF Voss, Helse Bergen

Vi søker etter ein tydeleg, handlekraftig og positiv leiar til fast stilling som seksjonsleiar ved laboratoriet på Voss sjukehus. Vi ser etter deg som er flink til å koordinere og følje opp prosessar, har evne til å leie team og har gode relasjonelle og medmenneskelege eigenskapar. Du er god til å samhandle med andre einingar og yrkesgrupper.

Laboratoriet på Voss sjukehus er organisert som seksjon under Avdeling for medisinsk biokjemi og farmakologi (MBF) i Helse Bergen, Haukeland Universitetssjukehus HF. Seksjonen har eit tett og godt samarbeid med einingane i Bergen og med einingar på Voss sjukehus.

Laboratoriet på Voss sjukehus utfører tenester til Voss sjukehus, og bidrar til gode helse- og omsorgstenester til befolkninga i tråd med vårt samfunnsoppdrag.

Laboratoriet ved Voss sjukehus dekker følgende fagfelt:

  • Hematologi og koagulasjon
  • Klinisk kjemi/immunoassay
  • Preanalyse og blodprøvetaking
  • Tapping av blodgivarar og transfusjonsmedisin
  • Mikrobiologi

I tillegg til eit breitt fagfelt, godt arbeidsmiljø og tett samarbeid med andre yrkesgrupper på sjukehuset kan vi tilby:

  • Rekrutterings- og beholdertillegg på kr. 50 000,-. Tillegget blir regulert prosentuelt etter stillingsstørrelse og er eit årleg tillegg på topp av lønn etter avtale
  • Flytte- og/eller bustadsgodtgjersle på inntil kr. 40 000,- fyrste 12 månader
  • Moglegheit for avstandsleiing frå MBF ved Haukeland Universitetssjukehus med ukentlig tilstedeværelse ved laboratoriet på Voss sjukehus

Det er totalt 15,2 årsverk tilknytta seksjonen som held til i lyse, trivelege lokale på Voss sjukehus. Laboratoriet er døgnbemanna, med for tida tredelt turnus.Laboratoriet er akkreditert etter ISO standard 15189.

Frå 06.01.25 har vi ledig stilling som seksjonsleiar ved MBF Voss.

Voss sjukehus er ein del av Helse Bergen HF. For meir informasjon om sjukehuset, les her.

Velkommen til Voss!

Voss er ein kommune i Vestland fylke. Voss herad har om lag 16000 innbyggjarar og er omkransa av flott natur med moglegheit for mange ulike aktivitetar, mellom anna turar i fjellet, rafting, paragliding, alpint og rideturar. Kulturlivet er rikt og variert med mange festivalar, som Vossajazz, Osafestivalen, Voss Cup og Ekstremsportveko.

Kommunen er i vekst og står framfor ei utvikling i åra som kjem. Vossevangen er eit trafikknutepunkt for veg og jernbane. Voss ligg sentralt i forhold til Bergen og fleire destinasjonar på Vestlandet. Per i dag er reisetid til Bergen med tog om lag 1 t 15 min, med bil om lag 1 t 35 min.

Arbeidsoppgåver

  • Ansvar for den daglege drifta
  • Ansvar for måloppfølging, fag, kvalitet og personal
  • Budsjettansvar og økonomioppfølging
  • Overordna ansvar for val og innkøyring av nye instrument og metodar
  • Ansvar for å bidra med heilskapeleg og strategisk tenking og vere ein aktiv bidragsytar i arbeidet med å vidareutvikle seksjonen iht. vedtekne mål og strategiar
  • Samarbeide tett med seksjonslege/legar og leiargruppa, i tillegg deltar seksjonsleiar i ulike fellesmøte og prosjekt i avdelinga og på Voss sjukehus
  • Delta i dagleg rutine ved seksjonen
  • Delta i utvida leiargruppe ved MBF

Kvalifikasjonar

  • Autorisert bioingeniør eller anna relevant utdanning frå høgskole/universitetsnivå (føreset at søkar er villig til å opparbeide kompetanse innanfor laboratoriedrift)
  • Fordel med erfaring frå medisinske laboratorium
  • Dokumentert leiarkompetanse og/eller leiarerfaring blir vektlagt
  • Det er ein fordel med erfaring frå prosedyreskriving, metodevalidering, databearbeiding og innkjøp av større instrumentpark
  • Må meistre godt norsk både munnleg og skriftleg

Personlege eigenskapar

  • Ansvarsbevisst, nøyaktig og strukturert
  • Interesse for kvalitets- og forbetringsarbeid
  • Evne til å motivere medarbeidere til utvikling og endring
  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • Evne til raskt å sette seg inn i nye saksområde
  • Du arbeider målretta og toler å stå i krevande situasjonar
  • Vilje til å vidareutvikle deg som leiar

Vi tilbyr

  • Stillinga er ei dagstilling
  • Rekrutterings- og beholdertillegg på kr. 50 000,-
  • Flytte- og/eller bustadgodgjersle på inntil kr. 40 000,- fyrste 12 månader
  • Eit aktivt og triveleg arbeidsmiljø med kompetente og stolte medarbeidarar
  • Høgt fagleg nivå
  • Lønn etter avtale
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Moglegheit for avstandsleiing

Føretaksgruppa i Helse Vest ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søke ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønsker å legge til rette for inkluderande rekruttering.

Kontaktinformasjon

Ingunn Børø, Sjefbioingeniør, Telefon: 55977882, E-post: ingunn.boro@helse-bergen.no

Hege Hoff Skavøy, Avdelingssjef, Telefon: 55974397, E-post: hege.hoff.skavoy@helse-bergen.no

Søk på stillingen

Se annonsen på webcruiter.no

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.

Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.