Seksjonsleiar - Lab. medisinsk biokjemi og blodbank, Førde

Tilbake til ledige stillinger

Seksjonsleiar - Lab. medisinsk biokjemi og blodbank, Førde

Helse Førde logo
Varighet:
Fast
Sted:
Helse Førde
Søknadsfrist:
30.01.2019

Seksjonsleiar - Lab. medisinsk biokjemi og blodbank, Førde

Helse Førde

Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 000 tilsette og eit budsjett på 2,9 milliardar kroner og er den største verksemda i fylket. Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Helse Førde skal så langt råd spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetnad, og å rekruttere kvalifiserte personar med innvandrarbakgrunn.

Lab. medisinsk biokjemi og blodbank er organisert i fellesavdeling på tvers av sjukehusa i Helse Førde med seksjonar i Førde, Lærdal og Nordfjord. Ved seksjonen i Førde er det ledig 100% fast stilling som seksjonsleiar.

Oppstart stilling: snarast eller etter nærare avtale.

Seksjonen utfører ca 1,5 mill analysar årleg i medisinsk biokjemi. Blodbank omfattar fagområda immunhematologi, tapping og produksjon.

Avdelingssjef er nærmaste overordna

Arbeidsoppgåver

  • Seksjonsleiar har det daglege driftsansvaret av seksjonen med ca. 35 medarbeidarar
  • Seksjonsleiar skal styre og utvikle seksjonen innafor fag-, kvalitet -, økonomi- og personalområdet
  • Seksjonsleiar er stedfortredar for avdelingssjef

Kvalifikasjonar

  • Bioingeniør eller anna relevant utdanning frå høgskule /universitetsnivå
  • Fordel med erfaring frå medisinske laboratorium
  • Erfaring/utdanning innan leiing blir vektlagt
  • God IKT kunnskap
  • Må beherske godt norsk både munnleg og skriftleg

Utdanningsnivå

  • Høgskule/universitet, diplom-/ bachelorgrad

Personlege eigenskapar

  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • Strukturert og fleksibel
  • Evne til å motivere og skape engasjement
  • Evne til sjølvstendig arbeid og tverrfagleg samarbeid
  • Nytenkjande, løysingsorientert og endringsvillig

Vi tilbyr

  • Utfordringar og ansvarfulle oppgåver
  • Kan vere med å bidra til utvikling av gode helsetenester i Helse Førde
  • Eit engasjert og godt arbeidsmiljø med kompetente og stolte medarbeidarar
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

Kontaktinfo:

Robin-Andre Sørland, avdelingssjef, (+47) 918 25 148

Søknadsfrist: 30.01.2019

Annonse på webcruiter.no

Søk på stillinga