IKT - systemansvarleg/ fagleg leiar

Tilbake til ledige stillinger

IKT - systemansvarleg/ fagleg leiar

Varighet:
Fast
Sted:
Helse Bergen
Søknadsfrist:
04.02.2022

IKT - systemansvarleg/ fagleg leiar

Laboratorieklinikken/ Avdeling for immunologi og transfusjonsmedisin (AIT), Helse Bergen

Vi lyser ut ei fast 100 % stilling som IKT-medarbeidar med systemansvar for laboratorieinformasjonssystemet ProSang i Helse Bergen og fagleg leiar for IKT-gruppa ved Avdeling for immunologi og transfusjonsmedisin, AIT. Stillinga er for tida delt (60/40) mellom AIT og Seksjon for e-helse i Helse-Bergen. Avdeling for immunologi og transfusjonsmedisin er ei avdeling i Laboratorieklinikken. Hovudarbeidsområda er å skaffe blod, laboratorieanalysar, pasientbehandling, forsking og undervising.

ProSang blir nytta av alle laboratoria i Helse Vest og er knytt opp mot blodgjeving og blodtyping. Systemet har mange integrasjonar mot ulike analyseinstrument og andre IKT-system, som til dømes Unilab 700. Eit nytt IKT-system knytt opp mot seksjon for celleterapi er også under utarbeiding og vi bli implementert hausten 2022.

Seksjon for e-helse legg til rette for føremålstenleg bruk av IKT i Helse Bergen og bidrar ved innovativ og nytenkjande verksemd. Arbeidsoppgåver som er knytt opp til stillinga blir i hovudsak utført ved AIT. Våre medarbeidarar har fokus på kvalitetsforbetringar, tryggleik og effektivitet i helsevesenet ved bruk av informasjonsteknologi. Seksjonen for e-helse er bindeledd mellom klinikarar og sjukehuset og IKT-personell som utarbeider IKT-løysingar.

Stillinga er ei fagleg leiarstilling for IKT gruppa ved AIT som for tida består av 3 IKT-medarbeidarar. Arbeidsoppgåvene i stillinga inneber mellom anna IKT hjelp og rettleiing til alle seksjonane i AIT i tillegg til andre avdelingar i laboratorieklinikken. Samarbeid på tvers av avdelingane i Laboratorieklinikken, mot kliniske avdelingar i Helse Bergen og regionalt samarbeid i Helse Vest er ein viktig del av stillinga, og for den vidare utviklinga i verksemda.

Dersom du ønskjer å bidra til ein forbetra pasientkvardag og halde fokus på kvalitet og utvikling av nye metodar og system, oppmodar vi deg til å søkje.

Arbeidsoppgåver

  • Ansvar for måloppfølging, fag, kvalitet
  • Systemansvarleg for ProSang
  • Systemansvarleg for IKT-system knytta opp mot celleterapi
  • Vedlikehald av - og deltaking i utvikling av laboratorieinformasjonssystemet (ProSang). Herunder er testing av nye versjonar, integrasjonar, generere rapportar, oppdatere systemdata ved endring i ulike system i tillegg til utarbeiding av dokumentasjon og prosedyrar
  • Ansvar for å bidra med heilskapeleg og strategisk tenking og vere ein aktiv bidragsytar i arbeidet med å vidareutvikle IKT arbeidet iht. vedtatte mål og strategiar
  • Ansvarleg for implementering og integrasjonar av tekniske instrument, mellomvare og anna driftsutstyr
  • Rådgjevande vedrørande IKT-løysingar ved innkjøp av nytt utstyr
  • Ansvar for drift og vedlikehald av IKT-system ved avdelinga
  • Oppgraderingsansvar og opplæringsansvar for IKT-system
  • Arbeid i tverrfaglege prosjekt
  • Kliniske IKT-prosjekt som har grenseflate mot laboratorieinformasjonssystemet
  • Vere med på å utvikle og forbetre avdelinga sitt arbeid med kvalitet
  • Andre arbeidsoppgåver kan og vere aktuelle

Kvalifikasjonar

  • Erfaring og/eller utdanning innan IKT-fag og norsk autorisasjon som bioingeniør (bachelor) er ein god kombinasjon. Alternativt IKT-utdanning med relevant erfaring, og med føresetnad at søkjar er villig til å opparbeide kompetanse innan laboratoriedrift
  • Stillinga krev erfaring frå tilsvarande oppgåver innan innføring av IKT-system, systemansvar og erfaring frå utvikling av rutinar og prosedyrar
  • Det er eit ønskje at du har erfaring innan support og dialog mot systemleverandør og IKT ansvarleg i innkjøp av medisinsk teknisk utstyr
  • Det er ein fordel med dokumentert leiarkompetanse og/eller leiarerfaring
  • Generelt god datakunnskap
  • Må meistre norsk og engelsk godt , munnleg og skriftleg

Personlege eigenskapar

  • Bidrar positivt til eit fagleg og kollegialt godt miljø
  • God fagleg vurderingsevne, arbeider målretta og strukturert
  • Evne til raskt å sette seg inn i nye saksområde
  • Punktleg og påliteleg, tilpassar deg lett, og er løysingsorientert
  • Interesse for utvikling og forbetringsarbeid
  • Tar personleg ansvar for at oppgåver blir gjort, tilbyr gjerne hjelp og deler raust med kompetansen din
  • Fleksibel, utadvendt og serviceinnstilt med gode kommunikasjonsevner
  • Evne til sjølvstende og teamarbeid
  • Må tole høgt arbeidstempo i periodar og pressa situasjonar
  • Det vil bli lagt vekt på leiareigenskapar, sjølvstende, fleksibilitet, evne til samarbeid, systematisk arbeid og kommunikasjon

Vi tilbyr

  • Lønn etter avtale
  • Høgt fagleg nivå
  • Eit engasjert og godt arbeidsmiljø med kompetente og stolte medarbeidarar
  • Stillinga er ei dagstilling
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

Mangfaldserklæring

Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Kontaktinformasjon

Anne M Mjelde Sellevold, driftsleiar, tlf. 55 97 30 49

Se annonsen på webcruiter.no

Søk på stillingen

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 13.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.