Fagbioingeniør, Helse Møre og Romsdal, Kristiansund

Tilbake til ledige stillinger

Fagbioingeniør, Helse Møre og Romsdal, Kristiansund

Varighet:
Fast
Sted:
Kristiansund
Søknadsfrist:
31.07.2021

Fagbioingeniør for fagområdet hematologi, koagulasjon og blodgass
Medisinsk biokjemi Kristiansund, Helse Møre og Romsdal HF

Avdeling for medisinsk biokjemi er den største avdelinga i Klinikk for diagnostikk, med seksjonar i alle dei fire sjukehusa i foretaket.
Medisinsk biokjemi Kristiansund har 21stillingar og 25 tilsette. Seksjonen består av fagområda hematologi/blodgass/koagulasjon, maskinell kjemi, preanalyse/urin og blodbank/transfusjonsmedisin.

Vi har ledig fast stilling for fagbioingeniør. Oppstartdato etter avtale med seksjonsleiar
Arbeidsstad: f.t Kristiansund. Når det nye sjukehuset på Hjelset står ferdig vil seksjonane for medisinsk biokjemi i Kristiansund og Molde bli slått saman. Arbeidstad vil då bli ved det nye sjukehuset (SNR)

Attestar/tenestebevis og ev. andre relevante dokument skal lastast opp som vedlegg til søknad/CV.

Arbeidsoppgåver

  • Fagansvarleg bioingeniør med ansvar for den daglege drifta ved fagområdet
  • Opplæring og oppdatering av tilsette og rettleiing av studentar
  • Samarbeide med leiinga og medisinskfagleg rådgjevar i høve til utvikling og val av metoder og utstyr.
  • Bidra til å oppfylle foretaket sine overordna målsettingar med fokus på kvalitetssikring, kvalitetsforbedring og kvalitetsutvikling. Mellom anna gjennom arbeid med prosedyrer, kvalitetskontrollar og avvikshandtering.
  • Innkjøp av reagens og rekvisita.
  • Fagbioingeniør deltek i det daglege arbeidet ved seksjonen og i vaktturnus

Kvalifikasjonar

  • Bioingeniør med norsk autorisasjon
  • Fagleg kunnskap innan hematologi/koagulasjon, statistikk og kvalitetsarbeid
  • Relevant videareutdanning vil bli lagt vekt på

Personlege eigenskapar

  • Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • Ansvarsbevisst, strukturert og engasjert.
  • At ein er personleg eigna for stillinga vil bli lagt vekt på ved tilsetting

Vi tilbyr

  • Et godt og hektisk arbeidsmiljø med dyktige kollegaer.
  • Godt samarbeid internt i avdelinga i Helse Møre og Romsdal
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Kontaktinformasjon

  • Seksjonsleiar Marit Sivertsen, tlf. 71122099 / 95246505
  • Avdelingssjef Brit Valaas Viddal, mobil 41400934

Se annonsen på webcruiter.no

Søk på stillingen

Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, men har også sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Våre sjukehus finn du i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund, og i tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk helsevern og rusbehandling. Vi legg til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Uansett kva stilling du søkjer, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og di kompetanse på ein stad kor det verkeleg tel. Bli med på laget!

For meir informasjon om helseforetaket, sjå Helse Møre og Romsdal