Fagbioingeniør - Lærdal sjukehus

- Varighet:
- Vikariat
- Sted:
- Lærdal sjukehus, Helse Førde
- Søknadsfrist:
- 01.10.2023
Fagbioingeniør - Lærdal sjukehus
Laboratorium for medisinsk biokjemi og blodbank, Helse Førde
Laboratorium for medisinsk biokjemi og blodbank (LMBB), Lærdal sjukehus har ledig vikariat for 1 år som fagbioingeniør med fagområde hematologi, koagulasjon og urinar. Stillinga gjeld frå snarast eller etter avtale. Stillinga er 100% og med moglegheit for fast tilsetjing.
Fagbioingniør har ansvar for kvalitetsystem og prosedyrer, drift og vedlikehald av Sysmex XN1000 og XN450, StarMax, samt andre små instrument i fagfeltet. Fagbioingeniør rapporterar fagleg til overbioingeniør. Seksjonsleiar er næraste administrative overordna. Stillinga deltek i vaktturnus med arbeid kvar tredje helg. Det blir gjeve grundig opplæring i alle fagfelt som inngår i vaktberedskap.
Laboratoriet har tett fagleg samarbeid med dei andre laboratoria i Helse Førde (Førde sentralsjukehus og Nordfjord sjukehus). Vi legg stor vekt på fagleg oppdatering og deltek på alle fagleg retta brukarkurs. Vi har fagmøter på tvers i helseforetaket. Vi har eit godt arbeidsmiljø med variert arbeid. Her får ein eit meiningsfulle dagar tett på pasientar og andre yrkesgrupper på sjukehuset. - sjå videoen frå laboratoriumet vårt!
Lærdal sjukehus er lokalsjukehus for Indre Sogn. Lærdal ligg inst ved vakre Sognefjorden med god kommunikasjon til Oslo (4,5 time) og Bergen (3 timar). Her er typisk vestlandsnatur med flott turterreng sommar som vinter. Kommunen har eit aktivt kulturliv med mellom anna kor og korps, festivalar, idrettslag, treningsstudio, kafear og kino.
Kom til vakre Lærdal og Lærdal sjukehus!
Arbeidsoppgåver
- Laboratoriearbeid etter godkjende prosedyrer
- Vedlikehald og oppfølging av analyseutstyr
- Opplæring
- Deltaking i prosedyreskriving og kvalitetssystemet
- Halde seg oppdatert i faget
Kvalifikasjonar
- Bachelor i bioingeniørfag. Norsk godkjenning
- Gode IT-kunnskapar
- Gode kunnskapar i norsk både munnleg og skriftleg
- Det er fordel med erfaring innanfor dei nemde fagfelta
Personlege eigenskapar
- Gode samarbeidsevner, men også evne til å arbeide sjølvstendig
- Fagleg engasjement
- Initiativrik
Vi tilbyr
- Løn etter overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Variert arbeid og godt fagmiljø
- Godt arbeidsmiljø
- Husvære
Mangfaldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering
Kontaktinformasjon
Kari Grøttebø, Seksjonsleiar, Telefon:(+47) 576 40 020 - 976 59 155
Se annonsen på webcruiter.no
Søk på stillingen
Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 000 tilsette og eit budsjett på over 3,2 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset.
Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønskjer å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.