Bioingeniør, Helse Bergen

Tilbake til ledige stillinger

Bioingeniør, Helse Bergen

Varighet:
2 faste stillinger
Sted:
Haukeland universitetssjukehus
Søknadsfrist:
14.11.2021

To faste stillingar som bioingeniør

Laboratorieklinikken/ Avdeling for patologi, Helse Bergen

Avdeling for patologi er ei stor og velutrusta avdeling som er delt inn i fleire seksjonar; autopsi, biopsi, og cytologi. Laboratoriet har fleire spesialfuksjonar som immunhistokjemi, nevropatologi, nyrepatologi og oralpatologi. Ved avdelinga er det nå behov for fleire tilsette, og det er ledig faste stillingar som bioingeniør. Dei som blir tilsett får stillinga si knytt til Avdeling for patologi, ikkje direkte til dei ulike seksjonane. Det er Seksjon for biopsi som er den største seksjonen og den er moderne utstyrt med maskinar for fremføring, innstøyping og farging. Seksjon for cytologi er noko mindre med ein moderne maskinpark. Blodprøvetaking er også ei av arbeidsoppgåvene til bioingeniørane i avdelinga.

Årleg undersøker avdelinga 55 000 biopsiar og 65 000 cytologiske prøvar. Det blir utført ca 60 000 immunhistokjemiske undersøkingar og ca 350 obduksjonar årleg. Avdeling for patologi er ein del av eit nasjonalt satsingsprosjekt innan digital patologi, og dette vil endre måten ein arbeidar på innan patologifeltet dei neste åra.

Det er i overkant av 100 tilsette på avdelinga, derav 24 overlegar, 11 legar i spesialisering og mange bioingeniørar, ingeniørar og fagarbeidarar i tekniske stillingar. Ved avdelinga er det mange engasjerte og trivelege tilsette, og vi søker etter medarbeidarar som kan trivast i eit hektisk og spennande arbeidsmiljø. Her vil du vere ein viktig aktør i ei kontinuerleg utvikling. Vi ser etter deg som har evne til å arbeide målretta og som set fagleg kvalitet høgt.

Avdelinga held til i lyse, store lokale midt i sentralblokka ved Haukeland universitetssjukehus. Vi jobbar målretta mot å bli leiande innan vårt fagområde og vi følger tett på den teknologiske utviklinga i faget.

Det er planlagd å innføre betalt lunsj i Laboratorieklinikken og i samband med det blir det auka behov for personalressursar i avdelinga frå nyttår 2022. Det bli ledig to faste stillingar som bioingeniør, ei knytt til Seksjon for biopsi og ei til Seksjon for cytologi. Spesifiser gjerne kva seksjon du ønsker å jobbe.

Arbeidsoppgåver

  • Bioingeniøren som blir tilsett ved Seksjon for biopsi der mellom anna registrering av vevsprøvar, makrobeskjering av prøvar, assistere legar i makrobeskjering, framføring og støyping av vev i parafinblokker er sentrale arbeidsoppgåver. Skjering og farging av snitt er også daglege gjeremål. Arbeidsoppgåvene vil vere varierte og vil kunne endre seg over tid
  • Ved Seksjon for cytologi vil arbeidsoppgåvane mellom anna vere registrering av cytologiske prøvar, HPV-analyse og preparering og farging av ikke-gynekologiske prøvar og væskebasert cytologi
  • Bioingeniørane ved avdelinga har blodprøvetaking som ei av arbeidsoppgåvene
  • Tilsettinga skjer ved avdelinga, og dersom behovet blir endra vil det kunne vere aktuelt med bytte av seksjon

Kvalifikasjonar

  • Det vil bli lagt vekt på relevant erfaring og personleg eignethet
  • Norsk autorisasjon som bioingeniør
  • Må meistre norsk både munnleg og skriftleg

Personlege eigenskapar

  • Du er målretta og får oppgåvene gjort
  • Engasjement for fagfeltet og har eit ønske om vidareutvikling av kompetanse
  • Du må kunne jobbe godt både sjølvstendig og i team
  • I jobben er du positiv, oppfinnsam og løysingsorientert
  • Du viser fagleg tryggleik, tillit og respekt
  • Du trivast i eit dynamisk arbeidsmiljø
  • Du er punktleg og påliteleg

Vi tilbyr

  • Lønn etter gjeldande overeinskomst
  • Dagtidsarbeid, ikkje kveld og helg
  • Triveleg arbeidsmiljø
  • Høgt fagleg nivå
  • Fagleg og personleg utvikling
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

Mangfaldserklæring

Føretaksgruppa i Helse Vest ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søke ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønsker å legge til rette for inkluderande rekruttering.

Kontaktinformasjon

Johanne Lind Aasen, driftsleiar, tlf. 55 97 32 07

johanne.lind.aasen@helse-bergen.no

webcruiter.no

Søk på stillingen

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 13.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller Facebook.

Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.