Fast stilling som bioingeniør med rekrutteringstillegg på ein av Voss sine viktigste arbeidsplassar

Tilbake til ledige stillinger

Fast stilling som bioingeniør med rekrutteringstillegg på ein av Voss sine viktigste arbeidsplassar

Varighet:
Fast
Sted:
Voss sjukehus, Helse Bergen
Søknadsfrist:
29.06.2024

Fast stilling som bioingeniør på ein av Voss sine viktigste arbeidsplassar

Laboratorieklinikken/ Avdeling for medisinsk biokjemi og farmakologi (MBF) Voss, Helse Bergen

Ser du etter ein jobb med stor variasjon innan fleire fagfelt, gode utviklingsmoglegheiter og godt arbeidsmiljø? Då er dette jobben for deg!

På Voss kan vi tilby deg dette, og meire til. Voss er ein kommune i Vestland fylke omkransa av flott natur med moglegheit for mange ulike aktivitetar. Opplev norsk natur på sitt beste med turar i fjellet, rafting, paragliding, alpint og rideturar. Voss kommune har om lag 16000 innbyggjarar og har eit rikt kulturliv med mange festivalar som Vossajazz, Osafestivalen og Ekstremsportveko. I juni blir Voss Cup arrangert, ein av norges største barneturneringar i fotball. Kommunen er i vekst og står framfor ei utvikling i åra som kjem. Voss ligg sentralt i forhold til Bergen og fleire destinasjonar på Vestlandet. Per i dag er reisetid til Bergen med tog cirka 1 time og 15 minutt. Med bil brukar du cirka 1 time og 30 minutt.

Ved laboratoriet på Voss sjukehus er det stor variasjon i arbeidsoppgåver, og du vil bli tilført stor fagleg kompetanse på fleire område. Laboratoriet utfører tenester til Voss sjukehus, og bidrar til gode helse- og omsorgstenester til befolkninga i tråd med vårt samfunnsoppdrag.

Laboratoriet ved Voss sjukehus dekker fleire fagfelt som legg til rette for ein variert og utfordrande arbeidskvardag. Vi har fagfelt innan:

  • hematologi og koagulasjon
  • klinisk kjemi/immunoassay
  • preanalyse og blodprøvetaking
  • tapping av blodgivarar og transfusjonsmedisin
  • mikrobiologi

I tillegg til eit breitt fagfelt, godt arbeidsmiljø og tett samarbeid med andre yrkesgrupper på sjukehuset kan vi tilby:

  • Rekrutterings- og beholdertillegg på kr. 50 000,-. Tillegget blir regulert prosentuelt etter stillingsstørrelse og er eit årleg tillegg på topp av lønn etter overeinskomst
  • Årleg kompetansetillegg på kr. 15 000,- ved oppstart av aleinevakter
  • Flytte- og/eller bustadsgodtgjersle på inntil kr. 40 000,- første 12 månader

Laboratoriet er døgnbemanna, med for tida tredelt turnus og arbeid 3. kvar helg. Aften- og nattevakter er aleinevakter. Du vil få god opplæring før oppstart med aleinevakt. Turnus blir satt opp i samarbeid med dei tilsette, og du vil kunne vere med å påverke vakt og helgefordelinga i denne. Det er totalt 15,2 årsverk tilknytta seksjonen som held til i lyse, trivelege lokale på Voss sjukehus. Laboratoriet er akkreditert etter ISO standard 15189.

Vi er klare til å inkludere DEG i vårt team ved laboratoriet på Voss sjukehus. Oppstart er ønskeleg frå 19.08.2024. Aktuelle kandidatar vil bli kontakta fortløpande.

Voss sjukehus er ein del av Helse Bergen HF. For meir informasjon om sjukehuset, les her.

Arbeidsoppgåver

  • Som vaktgåande bioingeniør hos oss vil du rullere mellom tre ulike fagfelt innan medisinsk biokjemi. Aktuelle fagfelt er preanalyse, hematologi og koagulasjon og klinisk kjemi
  • Innan fagfeltet mikrobiologi blir det utført ei rekke hurtigtestar, gramfarging, malariautstryk og inkubering av blodkulturar
  • Oppgåvene på blodbankeininga inneber immunhematologi med typing og screening. På tappeeininga blir det gjennomført intervju av blodgivarar og tapping
  • Laboratoriet er ein del av akuttberedskapen ved Voss sjukehus og er ein del av sjukehusets traumeteam
  • Rettleiing av studentar

Kvalifikasjoner

  • Du har norsk autorisasjon som bioingeniør
  • Må meistre norsk skriftleg og munnleg
  • Ønskeleg med erfaring frå tilsvarande fagfelt

Personlige egenskaper

  • Sjølvstendig, strukturert og ansvarsbevisst
  • Gode kommunikasjonsevner og serviceinnstilt
  • Må trivast i eit aktivt miljø
  • Bidra til eit godt arbeidsmiljø
  • Du beheld roen og klarer å prioritere
  • Du er målretta, og får oppgåvene gjort

Vi tilbyr

  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst i Helse Bergen
  • Rekrutterings- og beholdertillegg på kr. 50 000,-
  • Kompetansetillegg på kr. 15 000,-
  • Flytte- og/eller bustadsgodtgjersle på inntil kr. 40 000,- første 12 månader
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Spennande jobb saman med gode kollegaer

Mangfoldserklæring

Vi ønsker å spegle mangfoldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søke ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønsker å legge til rette for inkluderande rekruttering.

Kontaktinformasjon

Camilla Ormberg Nyegaard, Konstituert seksjonsleiar, Telefon:+47 56 53 36 91/ 55 97 30 99, E-post: camilla.ormberg.nyegaard@helse-bergen.no

Ingunn Børø, Sjefbioingeniør, Telefon:+47 55 97 78 82, E-post:ingunn.boro@helse-bergen.no

Se annonsen på webcruiter.no

Søk på stillingen

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.