Bioingeniør, MBF Voss, Helse Bergen

Tilbake til ledige stillinger

Bioingeniør, MBF Voss, Helse Bergen

Varighet:
Fast
Sted:
Voss sjukehus
Søknadsfrist:
29.02.2024

Bioingeniør

Avdeling for medisinsk biokjemi og farmakologi (MBF)/ MBF Voss, Helse Bergen

Vil du arbeide på eit mindre laboratorium med spennande arbeidsoppgåvar, gode utviklingsmoglegheiter og hyggelege kollegaer?

Hjå oss er det stor variasjon i arbeidsoppgåver og du vil bli tilført stor fagleg kompetanse på fleire område som preanalytisk fagområde og prøvetaking, blodbank, hematologi/koagulasjon og klinisk kjemi/immunoassay. Vi søkjer deg som er offentleg godkjend bioingeniør til fast stilling hjå oss på laboratoriet på Voss sjukehus. Laboratoriet er døgnbemanna, med tredelt turnus og arbeid 3. kvar helg. Du får god opplæring før oppstart med aleinevakt og opplæringsperioden er på om lag 5 månader, avhengig av erfaring.

Laboratoriet held til i lyse, trivelege lokale og utfører analysar innan medisinsk biokjemi, transfusjonsmedisin og blodbank. Det er totalt 15,2 årsverk tilknytta seksjonen. Laboratoriet er organisert som seksjon under Avdeling for medisinsk biokjemi og farmakologi (MBF) i Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus og har eit tett og godt samarbeid med einingane i Bergen. Laboratoriet er akkreditert etter ISO standard 15189.

Voss sjukehus er ein del av Helse Bergen HF. For meir informasjon om sjukehuset, les her

Velkommen til Voss!

Voss er ein kommune i Vestland fylke. Voss herad har om lag 16000 innbyggjarar og er omkransa av flott natur med moglegheit for mange ulike aktivitetar, mellom anna turar i fjellet, rafting, paragliding, alpint og rideturar. Kulturlivet er rikt og variert med mange festivalar, som Vossajazz, Osafestivalen, Voss Cup og Ekstremsportveko.
Kommunen er i vekst og står framfor ei utvikling i åra som kjem. Vossevangen er eit trafikknutepunkt for veg og jernbane. Voss ligg sentralt i forhold til Bergen og fleire destinasjonar på Vestlandet. Per i dag er reisetid til Bergen med tog om lag 1 t 15 min, med bil om lag 1 t 35 min.

Arbeidsoppgåver

  • Medisinsk biokjemi
  • Transfusjonsmedisin (blodtypeserologi og utlevering av blodprodukt)
  • Blodbank (tapping av blodgivarar)

Kvalifikasjonar

  • Du har norsk autorisasjon som bioingeniør
  • Må meistre norsk skriftleg og munnleg
  • Ønskjeleg med erfaring frå tilsvarande fagfelt

Personlege eigenskapar

  • Sjølvstendig, strukturert og ansvarsbevisst
  • Gode kommunikasjonseevner og serviceinnstilt
  • Må trivast i eit aktivt miljø
  • Bidra til eit godt arbeidsmiljø
  • Du beheld roen og klarer å prioritere i stressande situasjonar
  • Du er målretta, og får oppgåvene gjort

Vi tilbyr

  • Stilling som bioingeniør inngår i vaktarbeid ved seksjonen
  • Løn etter overeinskomst
  • Flytte- og/eller bustadgodgjersle på inntil kr. 40 000,- fyrste 12 månadar ved fast tilsetjing.
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Spennande jobb saman med gode kollegaer

Mangfoldserklæring

Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfoldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Kontaktinformasjon

Camilla Ormberg Nyegaard, Konstituert seksjonsleiar, Telefon: 55 97 30 99/ 56 53 36 91, E-post: camilla.ormberg.nyegaard@helse-bergen.no

Ingunn Børø, Sjefbioingeniør, Telefon: 55 97 78 82, E-post: ingunn.boro@helse-bergen.no

Se annonsen på webcruiter.no

Søk på stillingen

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.