Bioingeniør, Lærdal sjukehus

Tilbake til ledige stillinger

Bioingeniør, Lærdal sjukehus

Varighet:
Vikariat og fast
Sted:
Lærdal
Søknadsfrist:
19.02.2023

100% Fagbioingeniør, 40% Bioingeniør grunnstilling
Medisinsk biokjemi og blodbank (LMBB), Lærdal sjukehus

Medisinsk biokjemi og blodbank (LMBB) ved Lærdal sjukehus har ledig følgjande stillingar for bioingeniør:

Fagbioingeniør: 100% vikariat i perioden 01.03.2023 - 01.04.2024, med moglegheit for fast tilsetjing.
Bioingeniør, vaktgåande grunnstilling: 40% fast stilling frå dags dato.
Tidspunkt for tiltreding kan også gjerast etter avtale. Dette gjeld begge stillingane.

Vikariatet som fagbioingeniør er innanfor fagfeltet klinisk-kjemi der ein i samarbeid med overbioingeniør har ansvar for analysemaskina Alinity, blodgassar og pasientnært utstyr. Stillinga inngår i full vaktturnus og ved tilsetjing får ein opplæring innanfor alle fagfelt ved laboratoriet.

Bioingeniør grunnstilling er vaktgåande stilling og er ikkje tilknytt noko fagområde, men rullerer mellom fagområder.

Ber om at det blir opplyst i søknaden kva stilling ein søkjer på.

Vi legg stor vekt på fagleg oppdatering og deltek på alle faglege retta brukarkurs. Vi har eit godt arbeidsmiljø og variert meiningsfullt arbeid.Laboratoriet har tett fagleg samarbeid med dei andre laboratoria i Helse Førde (Førde sentralsjukehus og Nordfjord sjukehus) mht til innkjøp, prosedyrar og andre rutinar.

Lærdal sjukehus er lokalsjukehus for Indre Sogn. Lærdal ligg inst ved Sognefjorden med god kommunikasjon til Oslo (4,5 time) og Bergen (3 timar). Det er kort avstand til nabokommunane Aurland, Årdal, Sogndal om det skulle vere aktuelt å busetje seg der.

Her er typisk vestlandsnatur med flott turterreng sommar som vinter. Alpinanlegg på Filefjell og Hemsedal ligg 1 times køyring unna. Det same gjeld fantastiske Jotunheimen med alle sine moglegheiter. Ved Lærdalsfjorden er det gode forhold for sjøliv med bading, sauna og kajakk, båt og fisking. Det er fine forhold for sykling i den flate dalen og utover langs fjorden.

Kommunen har eit aktivt kulturliv med mellom anna kor og korps, festivalar, konsertar, idrettslag, treningsstudio, kafear og kino.

Arbeidsoppgåver

  • Laboratoriearbeid etter godkjende prosedyrer
  • Vedlikehald og oppfølging av analyseutstyr
  • Opplæring
  • Deltaking i prosedyreskriving
  • Halde seg oppdatert i faget
  • Fagbioingeniør rapporterar fagleg til overbioingeniør innanfor det same fagfeltet.

Kvalifikasjonar

  • Bachelor i bioingeiørfag. Norsk godkjenning
  • Gode IT-kunnskapar
  • Gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg
  • Det er fordel med erfaring innanfor det aktuelle fagfeltet

Personlege eigenskapar

  • Gode samarbeidsevner, men også evne til å arbeide sjølvstendig
  • Gode språklege kunnskapar, både munnleg og skriftleg
  • Fagleg engagement
  • Initiativrik

Vi tilbyr

  • Løn etter overeinskomst
  • Husvære. Lærdal sjukehus har flotte nyoppussa leilegheiter å tilby
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Variert arbeid og godt fagmiljø
  • Godt arbeidsmiljø

Mangfoldserklæring

Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Kontaktinformasjon

  • Kari Grøttebø, seksjonsleiar, tlf. 576 40 020, mobil 976 59 155

Se annonsen på webcruiter.no

Søk på stillingen

Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 000 tilsette og eit budsjett på over 3,2 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset.

Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønskjer å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.