Bioingeniør, Lærdal sjukehus, Helse Førde

Tilbake til ledige stillinger

Bioingeniør, Lærdal sjukehus, Helse Førde

Varighet:
Fast
Sted:
Lærdal sjukehus
Søknadsfrist:
03.03.2024

Bioingeniør, nyoppretta fast stilling

LMBB, seksjon Lærdal sjukehus, Helse Førde

Laboratoriet ved Lærdal sjukehus utvidar og søkjer med dette etter bioingeniør til ei nyoppretta 100% fast vaktgåande stilling.

Me søkjer etter deg som ønskjer fagleg interessante og varierte arbeidsoppgåver innan medisinsk bioikjemi og transfusjonsmedisin. Dette er ei spennande stilling med rullering i fagfelta hematologi, koagulasjon, klinisk kjemi, PNA og transfusjonsmedisin samt tapping av blodgjevarar. Ein får nytte stor breidde av utdanninga og det er gode utviklingsmoglegheier. Instrumentparken er moderne med mellom anna Sysmex XN1000 og 450, Alinity frå Abbott, StarMax og ABL frå Triolab. Nytt hematologi-instrument blir kjøpt i løpet av våren. Det er eit godt fagleg miljø med tett samarbeid med dei andre laboratoria i Helse Førde HF.

Ved tilsetjing blir det gitt grundig opplæring innan alle desse fagfelta då stillinga inngår i full vaktturnus med aleinevakter kveld/natt og helg. Laboratoriet har døgnvakt med kompensasjon 1:1 og arbeid kvar 4.helg. Det er mogeleg med tilpassa turnus ved å samle fridagar til samanhengande friperiode. Vi planlegg turnus for 1/2 år i gangen. Tiltreding etter avtale.

Velkomen til Lærdal og Indre Sogn!

Lærdal sjukehus er lokalsjukehus for indre Sogn i Vestland Fylke. Lærdal ligg plassert i skjæringspunktet mellom aust og vest og har god kommunikasjon til Oslo (4,5 time) og Bergen (3 timar). Å flytte til ein plass som Lærdal er ikkje mindre enn eit eventyr, med fjella, elva, fjorden og eit pitoresk landsbymiljø. Her er typisk vestlandsnatur med flott turterreng sommar som vinter. Vinterstid finn ein preparerte skiløyper og alpinanlegg på Filefjell. Sjukehuset har personalhytte på Filefjell. Hemsedal ligg ein times køyring unna om ein ønskjer andre utfordringar, og studiestaden Sogndal med velkjent aktivt ski/friluftsmiljø er i grei pendleavstand. Det same gjeld dei andre nabokommunane Årdal, Aurland og Luster som alle har unike naturområder og fritidstilbod. Sommarstid er det flotte forhold for aktivitetar rundt Sognefjorden med båtliv, kano/kajakk, og bading med sauna som ligg i vannkanten.

Lærdal har varierte kulturelle tilbod som kor, korps, kino, aktivt turlag, idrettslag, treningsstudio og kafèar. Sommarstid blir det arrangert fleire festivalar både i Lærdal og i nærområdet. Lærdal har Jordeplerock og "Kom-heim festival", Årdal har Målrock, Sogndal har Fjørarock for å nemne noko.

I Lærdal kan du finne ein kombinasjonen av jobb og landsbyliv, og om du har familie vil nok kvardagane lettare «gå opp» samanlikna med større byar.

Lærdal sjukehus har nyoppussa leilegheiter å tilby til utleige.

Sjå videoen om det gode livet i Lærdal. Dette er Lærdal - This is Lærdal (youtube.com): https://youtu.be/RARN3hAupco

Arbeidsoppgåver

  • Laboratoriearbeid etter godkjente prosedyrar
  • Rullering innanfor klinisk-kjemi, hematologi, koagulasjon, urinar, pasientnært utstyr, transfusjonsmedisin, blodprøvetaking.
  • Turnus, med arbeid kvar 4.helg

Kvalifikasjonar

  • Bachelor i bioingeniørfag. Norsk godkjenning.
  • Gode IT-kunnskapar
  • Gode kunnskapar i norsk både munnleg og skriftleg

Personlege eigenskapar

  • Gode samarbeidsevner, men også evne til å arbeide sjølvstendig
  • Fagleg engasjement
  • Initiativrik

Vi tilbyr

  • Løn etter overeinskomst
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Variert arbeid og godt fagmiljø
  • Godt arbeidsmiljø
  • Husvære

Mangfaldserklæring

Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Kontaktinformasjon

Kari Grøttebø, Seksjonsleiar, Telefon: (+47) 576 40 020, Telefon: (+47) 976 59 155

Se annonsen på webcruiter.no

Søk på stillingen

Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 000 tilsette og eit budsjett på over 3,2 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset.

Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønskjer å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.