Overbioingeniør, Helse Førde

Tilbake til ledige stillinger

Overbioingeniør, Helse Førde

Helse Førde logo
Varighet:
Fast
Sted:
Førde sentralsjukehus
Søknadsfrist:
19.12.2018

Overbioingeniør - LMBB, Førde sentralsjukehus

Helse Førde

Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 000 tilsette og eit budsjett på 2,9 milliardar kroner og er den største verksemda i fylket. Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Helse Førde skal så langt råd spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetnad, og å rekruttere kvalifiserte personar med innvandrarbakgrunn.

Ved Laboratorium medisinsk biokjemi og blodbank, Førde sentralsjukehus er det ledig stilling for overbioingeniør i 100 % fast stilling med ansvar innan IKT, PNA og preanalyse frå 01.02.2019.

Laboratorium medisinsk biokjemi og blodbank har 38 tilsette med variert kjønn- og alderssamansetnad. Avdelinga analyserar prøver frå sjukehusets pasientar, polikliniske pasientar og tilsende prøver frå omliggande legekontor. Det blir utført omlag 1,4 millionar analysar årleg innan medisinsk biokjemi, hematologi og koagulasjon. Avdelinga har og ansvar for produksjon og utlevering av blodprodukt, i tillegg til drift av prøvetakingspoliklinikk.

Arbeidsoppgåver

  • Vedlikehald og utvikling av laboratorieinformasjonssystemet. Testing av nye versjonar, integrasjonar, generere rapportar, oppdatere systemdata ved endring i ulike system i tillegg til utarbeiding av dokumentasjon og prosedyrar.
  • Deltaking i prosjektarbeid.
  • Fagansvar for PNA og preanalyse
  • Ved framtidig behov i avdelinga kan innhald i stillinga verte endra

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som bioingeniør
  • Relevant laboratorieerfaring frå medisinsk biokjemi
  • Erfaring/interesse for pasientnær analysering og preanalytiske rutinar
  • Generelt god datakunnskap
  • Erfaring og/eller utdanning innan IKT-fag
  • Må beherske godt norsk både munnleg og skriftleg

Utdanningsretning

  • Bioingeniørfag

Utdanningsnivå

  • Høgskule/universitet, diplom-/ bachelorgrad

Personlege eigenskapar

  • Fagleg engasjert, fleksibel, utadvendt og sørvisinnstilt.
  • Gode samarbeidsevner, men også evne til å arbeide sjølvstendig.
  • Like varierte utfordringar og trivast i eit aktivt og til tider travelt miljø.
  • Bidra positivt til eit fagleg og kollegialt godt miljø.

Vi tilbyr

  • Opplæringsprogram for nytilsette
  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Hjelp med bustad, oppgi i søknaden dersom det er ønskjeleg

Kontaktinfo:

Robin-Andre Sørland, seksjonsleiar, (+47) 918 25 148

Åse Reikvam, avdelingssjef, (+47) 578 39 290

Søknadsfrist: 19. desember

Annonse på webcruiter.no

Søk på stillingen

Bioingeniør i lederstilling? Din neste ansatte finner du ved å annonsere hos oss!

Over 90% av bioingeniørene leser Bioingeniøren. Vi presenterer stillingsannonser på papir, nettsiden og i sosiale medier. De beste kandidatene er kanskje ikke på aktiv jobbjakt. Hos oss treffer du også denne gruppen.

Se hva vi kan tilby!