Kvalitetsmedarbeidar Laboratorieklinikken/ Avdeling for immunologi og transfusjonsmedisin, Helse Bergen

Tilbake til ledige stillinger

Kvalitetsmedarbeidar Laboratorieklinikken/ Avdeling for immunologi og transfusjonsmedisin, Helse Bergen

Varighet:
Fast
Sted:
Bergen
Søknadsfrist:
21.06.2024

Avdeling for immunologi og transfusjonsmedisin er ei avdeling i Laboratorieklinikken og har seks kjernedriftsområde. Blodgivartapping, komponentframstilling, immunologi, flowcytometri, immunhematologi og celleterapi. Hovudarbeidsområda er å skaffe blod, laboratorieanalysar, pasientbehandling, forsking og undervising.

Avdelinga søker etter engasjerte og motiverte medarbeidarar som vil trivast i eit spennande arbeidsmiljø med mange ulike oppgåver. Vi legg til rette for at alle tilsette skal trivast og yte sitt beste. Dei tilsette er vår viktigaste ressurs. Avdelinga er akkreditert etter standarden NS-EN ISO 15189:2022, sertifisert etter ISO 13485:2016 og JACIE standarden, underlagt fleire forskriftar (Blodforskriften, Forskrift om Celler og vev), produsent av IVD medisinsk utstyr, m.m.

Ved avdelinga er det no ledig ei fast stilling som kvalitetsmedarbeidar.

Arbeidsoppgåver

  • Utføre oppgåver som blir fordelt av kvalitetsleiar
  • Vedlikehald og oppfølging av akkrediteringskrava i ISO 15189
  • Vedlikehald og oppfølging av kvalitetskrava i Blodforskriften, JACIE, ISO 13485 og andre relevante standardar og føresegner
  • Utføre internrevisjonar
  • Bidra ved eksterne bedømmingar, revisjonar og tilsyn
  • Jobbe aktivt med, og ha ansvar for ei rekke aktivitetar og system innanfor kvalitet
  • Halda seg oppdatert innanfor stillinga sitt fagfelt
  • Andre arbeidsoppgåver kan vere aktuelt
  • Kvalitetsmedarbeidar rapporterer fagleg til kvalitetsleiar

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som bioingeniør eller annan relevant utdanning på høgskole /universitetsnivå
  • Erfaring frå kvalitetsarbeid og i kvalitetsstyringssystem
  • Erfaring frå utvikling av rutinar og prosedyrar vil bli lagt vekt på
  • Erfaring med Synergi (avvikssystem) og Elektronisk kvalitetshåndbok vil bli lagt vekt på
  • Gode datakunnskapar
  • Det vil bli lagt vekt på personlege eigenskapar
  • Må meistre norsk munnleg og skriftleg på eit nivå som gjer ein i stand til å utføre aktuelle arbeidsoppgåver og kommunisere med kollega i arbeidssituasjonen

Personlege eigenskapar

  • Gode kommunikasjonsevner og vere samarbeidsvillig
  • Handlings- og løysingsorientert
  • Resultatorientert
  • Nøyaktig, sjølvstendig og strukturert
  • Evne til å arbeide målretta med arbeidsoppgåver
  • Evne til å ta avgjerder og sikre gjennomføring
  • Må trivast i eit aktivt og travelt miljø
  • Trivast med å jobbe i eit tverrfagleg team
  • Bidra til eit godt arbeidsmiljø

Vi tilbyr

  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Spennande arbeidsoppgåver i eit triveleg arbeidsmiljø
  • Dagarbeid med moglegheit for fleksibel arbeidstid
  • Høgt fagleg nivå
  • Fagleg og personleg utvikling

Mangfaldserklæring
Vi ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søke ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønsker å legge til rette for inkluderande rekruttering.

Kontaktinformasjon

Marta Vorland, einingsleiar, Telefon: 55973198, E-post: marta.vorland@helse-bergen.no

Søk på stillingen

Se annonse på webcruiter.no

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.