Ferievikarar Helse Førde

Tilbake til ledige stillinger

Ferievikarar Helse Førde

Varighet:
Vikariat
Sted:
Førde
Søknadsfrist:
26.01.2020

Ferievikarar bioingeniør/bioingeniørstudent
Mikrobiologisk avdeling, Helse Førde

Arbeidstad er Mikrobiologisk avdeling, Førde sentralsjukehus, med tilsaman 23 tilsette.
Avdelinga er organisert i einingar for bakteriologi inklusiv substrat, serologi og molekylærbiologi samt ekspedisjon.

Ferievikariat i perioden 08.06.2020 - 16.08.2020.
Høver for 1.- 3. års bioingeniørstudentar, eventuelt andre med relevante utdanningar.
Oppgje kor mange veker det er aktuelt for deg å arbeide.

Arbeidsoppgåver

  • Utføre diagnostisk arbeid etter godkjente prosedyrar og gjeldande lover og regelverk

Kvalifikasjonar

  • 1.- 3. års bioingeniørstudentar
  • Andre med relevant utdanning eller praksis kan og søke
  • Må beherske godt norsk både munnleg og skriftleg
  • Oppgje referanse ved bioingeniørutdanninga og frå tidlegare arbeidsgjevar
  • Legg ved karakterutskrift over avslutta fag

Personlege eigenskapar

  • Evne til å arbeide sjølvstendig og nøyaktig
  • Gode samarbeidsevner
  • Positiv og omgjengeleg

Vi tilbyr

  • Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst.
  • Vi vil hjelpe til med å skaffe bustad

Kontaktinformasjon 

  • Seksjonsleiar Torill Aarø, tlf. 57831554
  • Overbioingeniør Berit Kipperberg Ose, tlf. 57831553

Les annonsen på webcruiter.no

Søk på stillingen

Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 000 tilsette og eit budsjett på 2,8 milliardar kroner og er den største verksemda i fylket. Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Helse Førde skal så langt råd spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetnad, og å rekruttere kvalifiserte personar med innvandrarbakgrunn.