Fagingeniør prøvetaking, Helse Fonna

Tilbake til ledige stillinger

Fagingeniør prøvetaking, Helse Fonna

Varighet:
Fast
Sted:
Haugesund
Søknadsfrist:
23.01.2022

Fagingeniør Prøvetaking
Medisinsk biokjemi, Helse Fonna HF

Ved medisinsk biokjemi, i avdeling for laboratoriemedisin, er det ledig 100% fast stilling som fagingeniør Prøvetaking. Dette er ei turnus-stilling, 35,5 t/veike med arbeid kvar 4. helg. Medisinsk biokjemi har akkurat flytta inn i nye, flotte lokale, med fantastisk utsikt, og er akkreditert etter ISO 15189

Arbeidsoppgåver

  • Fagingeniør er ein ressursperson ved fagområdet Prøvetaking og inneber delegerte oppgåver og delansvar innanfor fagområdet.
  • Fagingeniør er avløysar for fagansvarlig ingeniør prøvetaking.
  • Oppgåver innan hematologi, koagulasjon, klinisk kjemi, immunkjemi og dessutan blodprøvetaking og prøvehandtering er sentrale oppgåver på vakt.

Kvalifikasjonar

  • Bioingeniør med norsk autorisasjon
  • Erfaring fra medisinsk biokjemi er ønskeleg

Personlege eigenskapar

  • Pasientorientert og serviceinnstilt
  • Ansvarsbevisst, kvalitetsmedviten og med gode samarbeidsevner
  • Må trivast i eit aktivt og travelt miljø og bidra til eit godt arbeidsmiljø

Vi tilbyr

  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Triveleg arbeidsmiljø
  • Fagleg og personleg utvikling

Mangfaldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Kontaktinformasjon

  • Anne Mari Hagen, funksjonsleder, mobil 976 11 287

Se annonsen på webcruiter.no

Søk på stillingen

Helse Fonna har rundt 4000 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.

Helse Fonna er eit lokalt helseføretak eigd av Helse Vest RHF. Vi har tre somatiske sjukehus i Haugesund, Stord og Odda, eit psykiatrisk sjukehus på Valen i Kvinnherad, fire distriktspsykiatriske senter (Stord, Karmøy, Haugesund og Folgefonn) og ti ambulansestasjonar.

For å bli betre kjend med oss, kan du sjå www.helse-fonna.no. Følg oss også gjerne på Facebook.