Fagingeniør prosjekt, Helse Fonna

Tilbake til ledige stillinger

Fagingeniør prosjekt, Helse Fonna

Varighet:
Prosjekt
Sted:
Haugesund
Søknadsfrist:
23.01.2022

Fagingeniør prosjekt
Medisinsk biokjemi, Helse Fonna HF

Det er ledig 50% prosjektstilling som fagingeniør ved Medisinsk biokjemi fram til 01.02.2023. Stillinga er på dagtid

Arbeidsoppgåver

  • Fagingeniør er ei ressursstilling for funksjonsleiar i forhold til forskingsprosjekt som medisinsk biokjemi yter tenester til.
  • Fagingeniør vi ha ansvar for deltakinga vår i forskingsprosjekt, koordinera studiar og utarbeida planar og prosedyrar
  • Fagingeniør vil samarbeida tett med andre fagansvarlege, lækja og funksjonsleiar internt i avdelinga, og forskningsprosjektansvarlige frå andre avdelingar
  • Ordinære driftsoppgåver på laboratoriet vil inngå i arbeidsoppgåvene

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som bioingeniør er ein føresetnad.
  • Erfaring frå fagansvar og fagområdet vil bli vektlagt
  • Ønskelig med erfaring frå prosedyreskriving
  • Ønskelig med gode IKT-kunnskapar

Personlege eigenskapar

  • Sjølvstendig, ansvarsbevisst og løysingsorientert
  • Arbeidsam, gode samarbeidsevner og pasientorientert
  • Må ha høg arbeidsmoral
  • Må trivast i eit aktivt og travelt miljø

Vi tilbyr

  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Triveleg arbeidsmiljø
  • Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidslivs-bedrift (IA-bedrift)
  • Fagleg og personleg utvikling

Mangfaldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Kontaktinformasjon

  • Anne Mari Hagen, funksjonsleder, mobil 976 11 287, e-post: anne.mari.hagen@helse-fonna.no

Se annonsen på webcruiter.no

Søk på stillingen

Helse Fonna har rundt 4000 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.

Helse Fonna er eit lokalt helseføretak eigd av Helse Vest RHF. Vi har tre somatiske sjukehus i Haugesund, Stord og Odda, eit psykiatrisk sjukehus på Valen i Kvinnherad, fire distriktspsykiatriske senter (Stord, Karmøy, Haugesund og Folgefonn) og ti ambulansestasjonar. Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.

For å bli betre kjend med oss, kan du sjå www.helse-fonna.no. Følg oss også gjerne på Facebook.