Fagingeniør, Helse Fonna, Laboratoriet Stord

Tilbake til ledige stillinger

Fagingeniør, Helse Fonna, Laboratoriet Stord

Varighet:
Vikariat
Sted:
Stord
Søknadsfrist:
24.10.2021

Laboratoriet Stord - fagingeniør med delansvar for generell kjemi
Avdeling for laboratoriemedisin, Helse Fonna HF

Laboratoriet Stord har ledig vikariat som fagingeniør med delansvar for generell kjemi. Fagingeniør skal vera ein ressursperson innan fagområdet. Fagansvarleg ingeniør med ansvar for generell kjemi har hovduansvar for fagområdet og fagingeniør vil ha delegerte oppgåver og delansvar, samt vera fast stefortreder for fagansvarleg ingeniør. Stillinga som fagingeniør inneber arbeid i tredelt turnus med arbeid kvar 3. helg. Ved intern tilsetjing vil det bli ledig stilling som bioingeniør, det må opplysast i søknad om dette er av interesse.

Arbeidsoppgåver

  • Arbeidsoppgåver innan generell kjemi, hematologi, koagulasjon og blodbank
  • 3-delt turnusarbeid med arbeid kvar 3. helg
  • Utføre delegerte oppgåver frå fagansvarleg ingeniør, som vil innebere:
  • Ansvar for å medvirke til fleksibel, rasjonell og kvalitetssikra drift av fagområdet
  • Delta i beslutningsprosessar ang drift og vedlikehold innan fagområdet
  • Verifisering av metodar og utstyr ihht seksjonen sine prosedyrar
  • Samarbeide med fagansvarlege på andre laboratorie i Helse Fonna med samme utstyr/rutinar
  • Orientere med. fagleg ansvarleg og funksjonsleiar om driftsavvik og kvalitetsavvik
  • Ansvar for Medisinsk teknisk utstyr i samarbeid med med.teknisk avdeling
  • Opplæring av andre ved nye rutinar eller nytilsetjingar
  • Oppfølging av prosedyrar innan fagfeltet.
  • Oppfølging av intern og ekstern kvalitetskontroll innan fagfeltet

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som bioingeniør
  • Må kunne norsk skriftleg og munnleg
  • For å tiltre som fagingeniør må ein ha erfaring frå arbeid innan laboratoriearbeid som inbefattar generell kjemi

Personlege eigenskapar

  • Fagleg engasjement
  • Evne til å jobbe stukturert og sjølvstendig
  • Leiaregenskapar
  • Evne til å ta initiativ
  • Strukturert, ansvarsbevisst, samarbeidsvillig og serviceinnstilt
  • Må ha høg arbeidsmoral og bidra til eit godt arbeidsmiljø
  • Må trivast i eit aktivt og travelt miljø

Vi tilbyr

  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Konkurransedyktig pensjonsordning
  • Yrkesskadeforsikring, gruppelivsforsikring og tenestereiseforsikring
  • Eit engasjert og godt arbeidsmiljø med kompetente og stolte medarbeidarar

Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteinga vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Kontaktinformasjon

  • Funksjonsleiar Rita Danielsen Tyse, tlf. 53491094

Se annonsen på webcruiter.no

Søk på stillingen

I Helse Fonna er vi meir enn 4000 tilsette som har som mål å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane våre. Helse Fonna dekker 19 kommunar med rundt 180 000 innbyggjarar. Vi har sjukehus i Odda, Stord, Haugesund og Valen, fire DPS og ti ambulansestasjonar. For å bli betre kjend med oss, kan du sjå www.helse-fonna.no. Følg oss også gjerne på Facebook.