Bioingeniører, Helse Bergen

Tilbake til ledige stillinger

Bioingeniører, Helse Bergen

Varighet:
Fast, vikariat
Sted:
Bergen
Søknadsfrist:
31.10.2021

Faste stillingar som bioingeniør
Laboratorieklinikken/ Avdeling for medisinsk biokjemi og farmakologi (MBF), Helse Bergen

Avdeling for medisinsk biokjemi og farmakologi (MBF) er det største laboratoriet ved Haukeland universitetssjukehus og har ca. 350 tilsette. MBF har 12 analytiske og 2 ikkje-analytiske seksjonar som samarbeidar tett med dei tre legegruppene (Medisinsk biokjemi, Hormonlaboratoriet og Klinisk farmakologi). Hormonlaboratoriet og laboratoria ved Barneklinikken og Kvinneklinikken er ein del av avdelinga.

Avdelinga utfører ei rekke analysar innan fagområda medisinsk biokjemi og klinisk farmakologi og har moderne analyseinstrument.I tillegg til omfattande rutinedrift blir det drive forsking og utviklingsarbeid. Laboratoriet er akkreditert etter ISO standard 15189.

Den største seksjonen er Preanalytisk seksjon med felles prøvemottak for heile Laboratorieklinikken. Arbeidet består i prøvesortering og prøvefordeling, og det meste av dette arbeidet er no automatisert. I tillegg har seksjonen ansvar for prøvetaking av alle polikliniske pasientar og for prøvetaking i Zander Kaaes gate i Bergen sentrum og ved Region Nordhordland Helsehus (RNH) i Knarvik. Andre store seksjonar er Seksjon for hematologi- og koagulasjonsanalysar, Seksjon for automatiserte analysar og Seksjon for lege- og rusmiddelanalysar. Arbeidet varierer frå store automatiserte instrument med store prøvemengder til manuelle metodar med få og tidkrevande analysar.

Vi søker deg som er ein lagspelar, som likar deg i eit aktivt og travelt miljø og som ønsker å bidra til eit godt arbeidsmiljø. Tillit, ansvar og sjølvstende er viktig for oss.

Det er planlagt å innføre betalt lunsj og i den samband blir det behov for auka tilførsel av personalressursar i avdelinga frå nyttår 2022. Det er også ledige vikariat med varigheit til juni 2022. Oppgi i søknaden om du søker fast, vikariat eller begge.

Arbeidsoppgåver

  • Dei som blir tilsett må pårekne å utføre både analytiske og preanalytiske oppgåver
  • Blodprøvetaking
  • Alle bioingeniørar i grunnstilling må delta i vaktturnus.
  • Bioingeniører ved Hormonlaboratoriet arbeider dagtid

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som bioingeniør
  • Må meistre norsk munnleg og skriftleg på eit nivå som gjer deg i stand til å utføre aktuelle arbeidsoppgåver og kommunisere med kollegaer i arbeidssituasjonen
  • Relevant erfaring med denne type arbeid vil vere ein fordel
  • Personlege eigenskaper vil bli lagt vekt på

Personlege eigenskapar

  • Må kunne arbeide både i team og sjølvstendig og effektivt organisere eigen arbeidsdag
  • Positiv, hjelpsam, løysingsorientert og målretta
  • Viser fagleg tryggheit, tillit og respekt
  • Punktleg, påliteleg og ansvarsbevisst
  • Kan arbeide systematisk i stressande situasjonar
  • Trivast i eit dynamisk arbeidsmiljø
  • Engasjement for fagfeltet og ønsker å vidareutvikle kompetansen din

Vi tilbyr

  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst i Helse Bergen
  • Spennande arbeidsoppgåver i eit triveleg arbeidsmiljø med kompetente og stolte medarbeidarar
  • Fagleg og personleg utvikling

Mangfaldserklæring

Føretaksgruppa i Helse Vest ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søke ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønsker å legge til rette for inkluderande rekruttering.

Kontaktinformasjon

  • Overbioingeniør Anne Grete Aune, tlf. 55973091, e-post: anne.grete.aune@helse-bergen.no
  • Sjefbioingeniør Hege Hoff Skavøy, tlf. 55974397, e-post: hege.hoff.skavoy@helse-bergen.no

Se annonsen på webcruiter.no

Søk på stillingen

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 12.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane våre, og rett opplæring til våre pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 800.000 pasientar og bidreg i utdanninga av eit par tusen helsearbeidarar. Forsking er ei viktig oppgåve, og vi er blant dei fremste i landet innanfor dette feltet. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.