Bioingeniør II, Med. biokjemi og blodbank SNR Hjelset, Helse Møre og Romsdal

Tilbake til ledige stillinger

Bioingeniør II, Med. biokjemi og blodbank SNR Hjelset, Helse Møre og Romsdal

Varighet:
Fast
Sted:
SNR Hjelset, Helse Møre og Romsdal HF
Søknadsfrist:
31.10.2024

Bioingeniør II

Medisinsk biokjemi og blodbank SNR Hjelset, Helse Møre og Romsdal HF

Vi treng to dyktige bioingeniør II innan fagområda "Preanalyse, poliklinikk, prøvemottak og kontorfunksjon" og "Pasientnær analysering og urinanalyser". Er du klar for ein variert og tidvis hektisk arbeidskvardag ved Medisinsk biokjemi og blodbank SNR Hjelset er du velkomen til å søke.

Kristiansund sjukehus og Molde sjukehus blir slått saman til eit nytt fellessjukehus, Sjukehuset Nordmøre og Romsdal (SNR) med planlagt innflytting i 2025. Det nye akuttsjukehuset blir plassert på Hjelset i Molde kommune. Laboratoriet blir gradvis tatt i bruk våren 2025.

Her hos oss vil du bli inkludert i eit godt og variert arbeidsmiljø. Vi går spennande tider i møte, med ny og moderne automasjonsløysing. Det meste av utstyret blir flunkande nytt!

Bioingeniør II arbeider tett saman med fagbioingeniør som har ansvar for dei to fagområda "Preanalyse, poliklinikk, prøvemottak og kontorfunksjonar" og "PNA og urinanalysar".

Bioingeniør II-stillingane inngår i ein tredelt turnus. Vi er opptatt av å planlegge slik at alle skal få ein mest mulig tilrettelagt turnus etter eige ønskje og behov.

Tiltreding 1 januar 2025 eller etter avtale.

Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din CV.

Arbeidsoppgåver

  • Stedfortredar for fagbioingeniør der det framgår av funksjonsbeskrivelsen
  • Bør vere tilsett i minimum 80% stilling
  • Bistå fagbioingeniør
  • I samråd og etter avtale utføre arbeidsoppgåver som er nemnd under funksjonsbeskrivinga for fagbioingeniør.
  • Delta i laboratoriet sine daglege arbeidsoppgåver ifølgje arbeidsbeskriving for seksjonen
  • Delta i laboratoriet sin vaktturnus
  • Bidra til å oppfylle føretaket sine overordna målsettingar med fokus på kvalitetssikring, kvalitetsforbetring og kvalitetsutvikling
  • Registrere og rapportere avvik
  • Sørgje for å halde seg fagleg oppdatert
  • Bruke laboratoriet sine kommunikasjonsvegar
  • Bidra til opplæring og rettleiing av seksjonen sine medarbeidarar, studentar eller andre som skal utføre arbeid i laboratoriet
  • Utføre vedlikehald etter gjeldande prosedyrar
  • Bistå i arbeidet med varemottak i SAP

Kvalifikasjonar

  • Bioingeniør med norsk autorisasjon
  • Relevant praksis vil bli vektlagt
  • Må kunne norsk, skriftleg og munnleg

Personlege eigenskapar

  • Ha gode evner til å samarbeide med andre
  • Vere opptatt av direkte pasientretta arbeid
  • Må være strukturert, effektiv og nøyaktig
  • Bidra til å skape eit godt arbeidsmiljø
  • Personleg eignaheit vert vektlagt

Vi tilbyr

  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Kontaktinformasjon

Marit Sivertsen, Seksjonsleiar, Telefon: 952 46 505, E-post: marit.sivertsen@helse-mr.no

Søk på stillingen

Se annonsen på webcruiter.no

Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Sjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund. Nytt felles akuttsjukehus for Nordmøre og Romsdal er under bygging på Hjelset i Molde kommune, og skal stå klart for innflytting våren 2025. I Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.

Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal.