Bioingeniør i turnus, Helse Fonna

Tilbake til ledige stillinger

Bioingeniør i turnus, Helse Fonna

Varighet:
Fast
Sted:
Haugesund
Søknadsfrist:
23.01.2022

Bioingeniør i turnus - immunologi og transfusjonsmedisin
Immunologi og transfusjonsmedisin, blodbanken Helse Fonna HF

Vi søker bioingeniør i 100% fast stilling ved Immunologi og transfusjonsmedisin (ITM, Blodbanken), Avdeling for laboratoriemedisin, Haugesund sjukehus.

Ved intern ansettelse til fast stilling kan det bli ledig vikariat som søkere til stilling vil bli vurdert til.

Arbeidsoppgåver

  • Blodtypeserologisk laboratoriearbeid, tapping av blodgivarar, komponentframstilling, og blodutlevering er sentrale oppgåver i stillinga
  • Må berekna arbeidsoppgåver på andre ansvarsområde dersom det er behov for det
  • Arbeid 35,5 t/veke og kvar 4. helg

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som bioingeniør er ein føresetnad
  • Erfaring frå transfusjonsmedisin er ønskeleg for fast stilling
  • Må beherske norsk munnleg og skriftleg på høgt nivå
  • Personlig egnethet

Personlege eigenskapar

  • Ansvarsbevisst, nøyaktig og arbeidssam
  • Gode samarbeidsevner
  • Må ha høg arbeidsmoral
  • Må trivast i eit aktivt og travelt miljø

Vi tilbyr

  • Konkurransedyktig pensjonsordning. Yrkesskadeforsikring, gruppelivsforsikring og tenestereiseforsikring.
  • Triveleg arbeidsmiljø
  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • For å kunne vurdere fortrinnsrett til stilling, må søkar gi til kjenne dette i søknaden

Mangfaldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteinga vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Kontaktinformasjon

  • Svein Morten Lervik, funksjonsleiar, tlf. 52732219

Se annonsen på webcruiter.no

Søk på stillingen

Helse Fonna har rundt 4000 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna er eit lokalt helseføretak eigd av Helse Vest RHF. Vi har tre somatiske sjukehus i Haugesund, Stord og Odda, eit psykiatrisk sjukehus på Valen i Kvinnherad, fire distriktspsykiatriske senter (Stord, Karmøy, Haugesund og Folgefonn) og ti ambulansestasjonar.

For å bli betre kjend med oss, kan du sjå www.helse-fonna.no. Følg oss også gjerne på Facebook.