Bioingeniør, 100% vikariat

Tilbake til ledige stillinger

Bioingeniør, 100% vikariat

Helse Førde logo
Varighet:
Vikariat
Sted:
Lærdal Sjukehus
Søknadsfrist:
01.08.2020

Bioingeniør, 100% vikariat

LMBB, seksjon Lærdal Sjukehus, Helse Førde

Lærdal Sjukehus er lokalsjukehus for Indre Sogn. Lærdal ligg inst ved Sognefjorden med god kommunikasjon til Oslo og Bergen. Her er typisk vestlandsnatur med flott turterreng i nærområdet, sommar som vinter.

Det er ledig 100 % vikariat som Bioingeniør i grunnstilling ved Laboratrorium for medisinsk biokjemi og blodbank (LMBB) ved Lærdal Sjukehus. Det er moglegheiter for fast tilsetjing.

Stillinga er ledig frå 1. september 2020.

Ved tilsetjing får ein opplæring innanfor alle fagfelt då stillinga inngår i full vaktturnus med arbeid kvar 3. helg. Laboratatoriet arbeider fram mot ISO-sertifisering i 2022.

Arbeidsoppgåver

  • Laboratoriearbeid etter godkjende prosedyrar
  • Klinisk-kjemi, hematologi, koagulasjon, urinar, pasientnært utstyr, blodbank, blodprøvetaking.
  • Turnusarbeid

Kvalifikasjonar

  • Bachelor i bioingeiørfag. Norsk godkjenning.
  • Gode IT-kunnskapar
  • Gode norsk kunnskapar både munnleg og skriftleg

Personlege eigenskapar

  • Gode samarbeidsevner, men også evne til å arbeide sjølvstendig
  • Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
  • Fagleg engasjement
  • Initiativrik

Vi tilbyr

  • Løn etter overeinskomst
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Variert arbeid og godt fagmiljø
  • Godt arbeidsmiljø
  • Husvære

Kontaktinformasjon

Kari Grøttebø, seksjonsleiar, tlf. (+47) 576 40 020, (+ 47) 976 59 155

Annonse på webcruiter.no

Søk på stillinga

Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 000 tilsette og eit budsjett på 2,8 milliardar kroner og er den største verksemda i fylket. Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Helse Førde skal så langt råd spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetnad, og å rekruttere kvalifiserte personar med innvandrarbakgrunn.