Bioingeniør - 100 % faste stillingar, Helse Bergen, Voss sjukehus

Tilbake til ledige stillinger

Bioingeniør - 100 % faste stillingar, Helse Bergen, Voss sjukehus

Varighet:
Fast
Sted:
Voss sjukehus
Søknadsfrist:
14.08.2022

Bioingeniør - 100 % faste stillingar

Laboratorieklinikken/ Avdeling for medisinsk biokjemi og farmakologi (MBF), Voss sjukehus

Vil du arbeide på eit mindre laboratorium med spennande arbeidsoppgåvar, gode utviklingsmoglegheiter og hyggelege kollegaer?

Hjå oss er det stor variasjon i arbeidsoppgåver og du vil bli tilført stor fagleg kompetanse på fleire område som preanalytisk fagområde og prøvetaking, blodbank, hematologi/koagulasjon og klinisk kjemi/immunoassay. Vi søkjer deg som er offentleg godkjend bioingeniør til fast stilling hjå oss på laboratoriet på Voss sjukehus. Stillingane inngår i seksjonen sin turnus og inneber helgevakter (3. kvar helg) og aleinevakt på kveld som går over i beredskapsvakt på natt. Du får god opplæring før oppstart med aleinevakt og opplæringsperioden er på om lag 5 månader.

Laboratoriet held til i lyse, trivelege lokale og utfører analysar innan medisinsk biokjemi, transfusjonsmedisin og blodbank. Det er totalt 14,2 årsverk tilknytta seksjonen. Laboratoriet er organisert som seksjon under Avdeling for medisinsk biokjemi og farmakologi (MBF) i Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus og har eit tett og godt samarbeid med einingane i Bergen. Laboratoriet er akkreditert etter ISO standard 15189.

Tidsbegrensa kompensasjon for utgifter til reise- eller bustad kan diskuterast.

Voss sjukehus har eit ansvar som lokalsjukehus for Voss, Vaksdal, Kvam, Ulvik og Eidfjord, og har full akuttberedskap innan medisin, kirurgi, føde og gynekologi. Sjukehuset er ein del av Helse Bergen HF og har tett fagleg samarbeid med avdelingane ved Haukeland universitetssjukehus. I tillegg kjem det pasientar frå Bergen, andre kommunar i regionen og ved fritt sjukehusval. Voss sjukehus har om lag 400 tilsette.

Velkommen til Voss!

Voss er ein kommune i Vestland fylke. Voss herad har om lag 16000 innbyggjarar og er omkransa av flott natur med moglegheit for mange ulike aktivitetar, mellom anna turar i fjellet, rafting, paragliding og rideturar. Kulturlivet er rikt og variert med mange festivalar, som Vossajazz, Osafestivalen, Voss Cup og Ekstremsportveko. Voss er i dag bygd ut som vintersportssenter med særleg godt utbygde alpinanlegg med tilhøyrande stolheisar, svevebanar og skitrekk. Bavallen er ein kjend hoppbakke.

Kommunen er i vekst og står framfor ei omfattande utvikling i åra som kjem. Det skal byggjast mange nye bustader og leggjast til rette for ein betydeleg vekst i talet på bedrifter og arbeidsplassar. Vossevangen er eit trafikknutepunkt for veg og jernbane. Voss ligg sentralt i forhold til Bergen og fleire destinasjonar på Vestlandet. Per i dag er reisetid til Bergen med tog ca. 1 t 15 min, med bil om lag 1 t 35 min.

Vi vil behandle søknadar fortløpande, så søk allereie no.

Arbeidsoppgåver

Stillinga inngår i arbeidsplan som omfattar alle delar av laboratorieverksemda:

  • Medisinsk biokjemi
  • Transfusjonsmedisin (blodtypeserologi og utlevering av blodprodukt)
  • Blodbank (tapping av blodgivarar)

Kvalifikasjonar

  • Du har eller vil få norsk autorisasjon som bioingeniør etter endt utdanning i 2022
  • Må meistre norsk skriftleg og munnleg
  • Ønskjeleg med erfaring frå tilsvarande fagfelt og aleinevakt

Personlege eigenskapar

  • Sjølvstendig, strukturert og ansvarsbevisst
  • Gode kommunikasjonseevner og serviceinnstilt
  • Løysings- og endringsorientert
  • Må trivast i eit aktivt og travelt miljø
  • Bidra til eit godt arbeidsmiljø
  • Du beheld roen og klarer å prioritere i stressande situasjonar
  • Du er punktleg og påliteleg
  • Du er målretta, og får oppgåvene gjort

Vi tilbyr

  • Spennande jobb saman med gode kollegaer
  • Løn etter hovedoverenskomst
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Stillinga inngår i vaktarbeid ved seksjonen

Mangfoldserklæring

Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfoldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Kontaktinformasjon

Solveig Gunn Kristinsson, Seksjonsleiar, 56 53 36 91

Hege Hoff Skavøy, Sjefbioingeniør, 55 97 43 97

Se annonsen på webcruiter.no

Søk på stillingen

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 12.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane våre, og rett opplæring til våre pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 800.000 pasientar og bidreg i utdanninga av eit par tusen helsearbeidarar. Forsking er ei viktig oppgåve, og vi er blant dei fremste i landet innanfor dette feltet. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.