Avdelingssjef medisinsk biokjemi og blodbank

Tilbake til ledige stillinger

Avdelingssjef medisinsk biokjemi og blodbank

Helse Førde logo
Varighet:
Fast
Sted:
Førde sentralsjukehus
Søknadsfrist:
15.11.2018

Avdelingssjef LMBB - Lab. medisinsk biokjemi og blodbank

Helse Førde

Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 000 tilsette og eit budsjett på 2,9 milliardar kroner og er den største verksemda i fylket. Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Helse Førde skal så langt råd spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetnad, og å rekruttere kvalifiserte personar med innvandrarbakgrunn.

Det er ledig stilling som avdelingssjef ved Laboratorium for medisinsk biokjemi og blodbank (LMBB) frå 01.01.2019.

Laboratorium medisinsk biokjemi og immunologi og transfusjonsmedisin er ei felles avdeling med laboratoriespesialitetene medisinsk biokjemi og immunologi og transfusjonsmedisin. Avdelinga er organisert i tre seksjonar og har drift ved Førde, Lærdal og Nordfjord sjukehus. Det er i stor grad felles prosedyrar og rutinar på seksjonane, og det er etablert eit godt samarbeid. Avdelinga har døgndrift på alle seksjonar og utfører årleg over 2 mill. analysar innafor fagområda hematologi, klinisk kjemi, koagulasjon, urinundersøkingar og blodtypeserologi. I tillegg blir det produsert blodkomponentar for å dekke Helse Førde sitt behov for blodtransfusjonar. Avdelinga har 58 stillingar fordelt på legar, bioingeniørar og helsesekretærar.

For tida kjøper vi legetenester utanfor Helse Førde.

Avdelingssjef har det overordna ansvar for fag, økonomi og personal og skal leie og utvikle avdelinga i tråd med vedtekne strategiar og mål med fokus på service og kvalitet på diagnostiske tenester. Direktør i medisinsk klinikk er nærmaste overordna. Avdelingssjef skal ha eit nært samarbeid med dei andre laboratorieavdelingane i Helse Førde.

Arbeidsoppgåver

  • Utvikle avdelinga i tråd med fagleg utvikling og behov
  • Innføre nye analysesystem og automasjonsløysingar
  • Har ansvar for at drift av blodbank er i samsvar med krav Blodforskrifta (ansvarleg leiar).
  • Legg til rette for samarbeid med avdelingar i Helse Førde og samarbeidspartnarar i kommunehelsetenesta
  • Leie kvalitetsutviklingsarbeid med mål om akkreditering etter ISO15189 innan 2021.
  • Ha overordna fagansvar for utvikling og drift av It-system ved avdelinga (LIS system).
  • Ha ei nært samarbeid med fag- og utviklingsavdeling og legge til rette for forsking i Helse Førde som krev laboratorieressursar (biobank).

Kvalifikasjonar

  • Relevant utdanning (legespesialist, bioingeniør eller anna laboratoriefagleg utdanning)
  • Fordel med utdanning innan administrasjon og leiing
  • Tidlegare leiarerfaring blir vektlagt
  • Relevant praksis frå medisinsk laboratorium
  • Søkjarar utanfor Skandinavia må dokumentere kunnskap i norsk skriftleg og munnleg
  • Gode IKT-kunnskapar
  • Er motivert for å vere leiar i ei kompleks avdeling

Utdanningsretning

  • Bioingeniørfag
  • Medisin

Utdanningsnivå

  • Høgskule/universitet, diplom-/ bachelorgrad
  • Høgskule/universitet, hovudfag / mastergrad

Personlege eigenskapar

  • Vere handlekraftig og resultatorientert
  • Vere tydeleg og tenke heilskap
  • Vise ansvar
  • Vere systematisk og strukturert
  • Vere inspirerande og motiverande
  • Ha gode kommunikasjon- og formidlingsevner
  • Ha evne til omtanke og omsorg

Språk

  • Norsk

Vi tilbyr

  • Lønn etter avtale
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Eit aktivt og triveleg arbeidsmiljø
  • Ein viktig og interessant jobb i norsk helsevesen

Søknadsfrist: 15.11.2018

Kontaktinfo:

Olav Hesjedal, Direktør Medisinsk klinikk, (+47) 57 83 98 82 - 415 30 650

Åse Reikvam, avdelingssjef, (+47) 57 83 92 90

Annonse på webcruiter.no

Søk på stillingen

Bioingeniør i lederstilling? Din neste ansatte finner du ved å annonsere hos oss!

Over 90% av bioingeniørene leser Bioingeniøren. Vi presenterer stillingsannonser på papir, nettsiden og i sosiale medier. De beste kandidatene er kanskje ikke på aktiv jobbjakt. Hos oss treffer du også denne gruppen.

Se hva vi kan tilby!