Avdelingssjef - Avdeling for patologi

Tilbake til ledige stillinger

Avdelingssjef - Avdeling for patologi

Helse Førde logo
Varighet:
Fast
Sted:
Førde sentralsjukehus
Søknadsfrist:
10.07.2018

Avdelingssjef - Avdeling for patologi

Helse Førde

Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 000 tilsette og eit budsjett på 2,9 milliardar kroner og er den største verksemda i fylket. Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Helse Førde skal så langt råd spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetnad, og å rekruttere kvalifiserte personar med innvandrarbakgrunn.

Vi har frå 01.10.2018 ledig stilling for avdelingssjef ved Avdeling for patologi ved Førde sentralsjukehus . Vår diagnostiske funksjon omfattar histologi med immunhistokjemi, klinisk cytologi og autopsi. Avdelinga driv i samarbeid med Mikrobiologisk avdeling ein seksjon for molekylærbiologi. Digital patologi er implementert til bruk i diagnostikk og møteverksemd. Vi tar med få unntak hand om all patologisk-anatomisk diagnostikk frå sjukehusa i Helse Førde og dei fleste av legekontora i primærhelsetenesta i fylket.

Avdelinga har 4 overlegar i full stilling (inkl. noverande avdelingssjef) og 2 heimlar for LIS og er godkjend for 4 år av spesialistutdanninga i patologi. Vi har 6,75 bioingeniør / avdelingsingeniørstillingar, autopsiteknikar, seksjonsleiar, 1,5 kontorstillingar og molekylærbiolog.

Tidspunkt for tilsetting etter avtale.

Søkarar utanfor Skandinavia må dokumentere kunnskap i norsk skriftleg og munnleg

Arbeidsoppgåver

  • Vi søker faglig kompetent medarbeidar som ønsker å bidra til fortsatt bygging av ny verksemd i ei moderne avdeling, med vekt på teamarbeid og eit godt arbeidsmiljø. Avdelingssjefen vil ha nært samarbeid med avdelinga sin seksjonsleiar og (dersom ikkje patolog) med medisinsk-fagleg rådgjevar. Søkaren må kunne delta i yrkesretta verksemd i avdelinga og må derfor ha relevant fagbakgrunn og god kunnskap om drifta ved ei patologiavdeling.
  • Helse Førde er eit føretak i omstilling, og bidrag til organisatorisk utvikling blir ein av arbeidsoppgåvene.

Kvalifikasjonar

  • Relevant yrkesutdanning og – erfaring (laboratoriefagleg bakgrunn, patolog, molekylærbiolog, bioingeniør)
  • Tidligare leiarerfaring er ynskjeleg
  • Personelge eigenskapar vert tillagt stor vekt

Utdanningsretning

  • Medisin

Utdanningsnivå

  • Profesjonsstudium

Personlege eigenskapar

  • Vere ein god teamarbeidar
  • Bidra til eit godt arbeidsmiljø
  • Personlege eigenskapar vert tillagt stor vekt ved tilsetjing

Språk

  • Norsk

Vi tilbyr

  • Dyktige kollegaer og eit godt arbeidsmiljø
  • Spanande fagmiljø
  • Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst.
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

Andre opplysningar

  • Reiseaktivitet: Du må rekne med å måtte reise noko i samband med jobben

Kontaktinfo:

Bjørn Ståle Sund, avdelingssjef, (+47) 57839594

Søknadsfrist: 10. juli 2018

Annonse på webcruiter.no

Søk på stillinga

Bioingeniør i lederstilling? Din neste ansatte finner du ved å annonsere hos oss!

Over 90% av bioingeniørene leser Bioingeniøren. Vi presenterer stillingsannonser på papir, nettsiden og i sosiale medier. De beste kandidatene er kanskje ikke på aktiv jobbjakt. Hos oss treffer du også denne gruppen.

Se hva vi kan tilby!